Teamutvikling på grasrotnivå. Eit studie av situasjonsbasert leiing i moderne teamarbeid
Abstract
Leiingsfaget har forandra seg stort gjennom tidene. Produksjonen i ei bedrift vart tidlegare sett på som maskinelt eller automatisk, noko ein mellom anna kjenner att i taylorismen, eller Scientific Manangement, som la særskild sterkt fokus på spesialisering og nøye inndeling av oppgåver (Jacobsen & Thorsvik, 2019, s. 71). Desse teoriane la lite vekt på menneskelege faktorar, utanom kven som var spesialiserte i kva, og som dermed passa til særskilde oppgåver. I moderne tid er det forska fram fleire teoriar som òg tek omsyn til kompleksiteten i samansetjinga av menneske. Situasjonsbasert leiing (Jacobsen & Thorsvik, 2019, s. 417) er ein av desse teoriane, og det er dette teoretiske perspektivet oppgåva baserer seg på.
Oppgåva tek sikte på å djupare utforske korleis situasjonsbasert leiing vert nytta i teamarbeid, frå leiarens perspektiv. Problemstillinga eg har valt er difor: Korleis nyttar grasrotleiarar situasjonsbasert leiing i utviklinga av teamarbeid?
For å kunne svare på problemstillinga, har eg formulert tre forskingsspørsmål som hjelpande verktøy. Forskingsspørsmåla er:
- Oppstår det situasjonar i teamet som gjer at leiaren opptrer ulikt?
- Kva kjenneteiknar eit godt team?
- Kva utfordringar møter leiaren når han jobbar med teamutvikling?