Korleis ser fenomenet skulevegring i Sogn og Fjordane ut frå eit elevperspektiv?
Abstract
Samandrag
Norsk forsking har satsa lite på skulevegring. Likevel veit vi at mange elevar vegrar seg kvar dag for å gå til skulen. Dette mastergradprosjektet har som formål å få ein betre innsikt i fenomenet skulevegring, og finne ut kor omfattande dette eigentlig er. Det har vore viktig å finne funksjonen/årsaka til at elevar er vekke frå skulen. Eit anna viktig formål med oppgåva har vore å finne ut om elevar med skulevegering opplever skulekvardagen annleis enn elevar utan skulevegring. Utifrå dette har eg derfor valt problemstillinga «korleis ser fenomenet skulevegring i Sogn og Fjordane ut frå eit elevperspektiv?» Skulevegringsomgrepet er eit komplekst og samansett omgrep. Skulevegring vert definert på ulike måtar, og det er usemje i litteraturen om skiljet mellom skulk og skulevegring. I denne oppgåva vert «skulevegring» forstått i tråd med Kearney og Silvermann (1996) sitt omgrep «school refusal». Dette omgrepet skil ikkje mellom skulk og skulevegring, og famnar derfor alt frå elevar med angst til dei som tradisjonelt sett vert omtala som skulkarar. Metode: Oppgåva tek sikte på å få fram ein skildrande analyse av skulevegring i Sogn og Fjordane. Masteroppgåva representerer derfor ein kvantitativ studie, der eg har nytta survey som metode. Eg sendte spørjeundersøking til alle elevane på «reine» ungdomsskular i fylket. Dette utgjorde 714 elevar fordelte på 8 ulike skular. Svarprosenten vart på 78 %, og dette vert rekna som ein tilfredstillande svarprosent. Elevane svarte på undersøkinga, og eg har utifrå dette analysert og drøfta resultat opp mot aktuell teori og empiri. Drøftinga av oppgåva er hovudsakleg basert på primærkjelder, men også nokre sekundærkjelder. Kjeldene er både norske og internasjonale, og består mykje av forskingsartiklar knytt opp mot dette fagfeltet. Resultat: Resultata frå undersøkinga viser at omfanget av skulevegring varierer alt etter kva definisjon ein legg til grunn. Dei mange definisjonane omkring skulevegring gjev ingen klar nedre grense for kor stort eit fråvær skal vere for at det reknast som skulevegring. Resultata frå undersøkinga mi viser at det er relativt vanlig at elevar er vekke frå skulen i tiande klasse for å unngå skulen, eller gjere andre attraktive oppgåver. Desse elevane vert utifrå definisjonane definerte som «skulevegrarar». Funn frå undersøkinga tyder på at det er store skilnadar på elevar som er vekke meir eller mindre enn tre dagar. Resultata viser derfor at det kan vere grunn til å definere omgrepet tydligare, der ein også talfester tal på fråværsdagar. Resultata frå undersøkinga viser også at det er stor variasjon i funksjonen bak eit fråvær. 28 % av alle elevane har vore heime frå skulen fordi skulen framkallar direkte ubehag i form av angst, frykt eller andre negative opplevingar. 15 % av elevane seier at dei har hatt fråvær for å gjere noko meir attraktivt enn å gå på skulen (t.d. vere heime med familien, spele data). Det å finne årsaka vil vere heilt naudsynt for å legge til rette best mogeleg til elevane. Skulane bør ha klart for seg kor mykje fråvær som skal føre til bekymring, og opparbeide gode kartleggingsmateriell for på finne ut av årsakene. Funn frå undersøkinga viser også at det er store skilnadar på korleis elevar med og utan skulevegring opplever skulekvardagen. Opplæringslova (1998, kapittel § 1-3) og Kunnskapsløftet (Kunnskapsdepartementet 2006) forpliktar skulen til å legge vekt på tilpassa opplæring. Resultat frå undersøkinga viser heilt klart at elevar med skulevegring opplever ei dårligare tilpassa opplæring enn elevar utan skulevegring. I følgje opplæringslova (1998) kapittel 9a har elevane også ein lovfesta rett til eit godt skulemiljø. Skulen vert pålagt å arbeide kontinuerlig for å sikre at skulemiljøet fremjar helse og tryggleik for elevane. Resultata frå undersøkinga viser at elevar med skulevegring har ein dårligare relasjon til kontaktlærar, trivst dårligare på skulen, er meir utsette for mobbing og opplever klassemiljøet dårligare enn elevar utan skulevegring. Undersøkinga viser også at elevar med skulevegring er ekstra utsette når det gjeld å vere trist og lei seg. Mykje tyder derfor på at innhaldet i opplæringslova kapittel § 1-3 og 9a bør vere viktige område å vektlegge når ein skal arbeide med skulevegrarar. Summary
Norwegian research has not dealt much with school refusal. Still, we know that a lot of pupils every day refuse going to school. This master’s degree project aims to give a better insight in the phenomenon school refusal, and find out how extensive it really is. It has been important to find the reason why pupils are not present at school. Another important object has been to find out if pupils that show school refusal have another experience of life at school than pupils who do not show the same refusal. With this in mind I have chosen this approach to the problem: “From the pupils’ point of view, what does the phenomenon school refusal look like in Sogn og Fjordane?” The phenomenon school refusal is a complex notion. School refusal is defined in various ways, and literature shows disagreement about the line between truancy and school refusal. In this paper “school refusal” is understood according to Kearney and Silvermann (1996). This notion does not separate between truancy and school refusal, and therefore includes everything from pupils with anxiety disorders to those traditionally referred to as truants. Method: The paper aims for a descriptive analysis of school refusal in Sogn og Fjordane. It therefore represents a quantitative study, where I have used survey as a method. I sent a survey to all the pupils attending secondary scool (age 13-16) in Sogn og Fjordane. This constituted 714 pupils spread over eight different schools. The answer percentage was 78, and this is regarded as a satisfying percentage. The pupils answered the survey, and I have analyzed and discussed the result using relevant theory and empiricism. The discussion is mostly based upon primary sources, but also some secondary sources. The sources are both Norwegian and international, and consist largely of research articles from this field. Results: The results of the survey show that the extent of school refusal varies according to what definition you use. The numerous definitions of school refusal give no clear lower limit of how extensive an absence has to be to be regarded as school refusal. The results from my survey show that it is relatively common that pupils are absent from school in the tenth grade to avoid school or to do other attractive tasks. These pupils are, according to the definitions, defined as “school refusers”. Findings from the survey suggest that there are great differences between pupils who are absent more or less than three days. The results therefore show that there might be reason to define the notion more clearly, where you also ascertain the number of absence days. The results of the survey also show that there is a great variety behind the causes. 28 % of all the pupils have been absent from school because school causes direct discomfort like anxiety, fear or other negative feelings. 15 % of the pupils say that they have been absent to do something more attractive than going to school (for example staying at home with the family, playing the computer). Finding the cause will be absolutely necessary to give the pupils the adjustments they need. Schools should have a clear idea of the number of absence days that are worrying, and they should work out good materials to find the causes. Findings from the survey also show that there are great differences when it comes to how pupils with and without school refusal experience life at school. Opplæringslova (chapter § 1-3) and Kunnskapsløftet (Kunnskapsdepartementet 2006) give the school an obligation to emphasize adapted education. Results from the survey clearly show that pupils that show school refusal experience a lower degree of adapted education than pupils that show no school refusal. According to Opplæringslova (1998) chapter 9a the pupils also have a statutory right to a good school environment. School is imposed to work continuously to ensure that the school environment contributes to health and security for the pupils. The results of the survey show that pupils that show school refusal have a poorer relation to the main teacher, thrive more poorly at school, are more exposed to bullying and find the classroom environment less good than pupils that show no school refusal. The survey also shows that pupils that show school refusal are more in danger of being sad and unhappy. A lot therefore indicates that the contents of Opplæringslova(1998) chapter § 1-3 and 9a should be important areas to emphasize when working with pupils that show school refusal.