Nynorsk i andrespråksopplæringa
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/153952Utgivelsesdato
2007Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Det første læreverket på nynorsk for vaksne minoritetsspråklege, NynorskPluss, kom i 2003. Likevel er det fire år etter svært få kommunar og utdanningsinstitusjonar, også i dei nynorske kjerneområda, som bruker nynorsk i andrespråksopplæringa. Kva utfordringar møter dei institusjonane som tilbyr andrespråksopplæring på nynorsk? Det er noko av det vi skal sjå på i denne rapporten, og dette spørsmålet var også bakgrunnen for at vi, hausten 2004, gjorde ei spørjeundersøking der vi såg på opplæringstilbodet i nokre ungdomsskular, vidaregåande skular og kommunal vaksenopplæring. Undersøkinga var avgrensa til nynorskkommunar på Sunnmøre, men vi trur og meiner at stoda er mykje den same i andre nynorskdistrikt. Eit av spørsmåla vi stilte, gjaldt kva grunngjeving ein hadde for val av målform i opplæringa. Ein vidaregåande skule som hadde fleire vaksne minoritetsspråklege elevar, svara at dei underviste på bokmål av fleire praktiske grunnar og ikkje minst fordi den grunnleggande norskopplæringa i det kommunale tilbodet var på bokmål. Svararen karakteriserte denne situasjonen som "frustrerande og uskjønleg". Når vaksne i nynorskkommunar lærer bokmål, hindrar dette integrering og kommunikasjonen med lærarar og medelevar. Dei vaksne med born i skulen som lærer nynorsk, får t.d. vanskar med å kunne hjelpe borna med lekser. Dette svaret var typisk for mange av tilbakemeldingane vi fekk.