Samhandling, utforsking og refleksjon som læringsarena. Eit utviklingsarbeid om Læreplanverket for Kunnskapsløftet
Abstract
I fagstudiet i pedagogikk i allmennlærarutdanninga er Læreplanverket for Kunnskapsløftet (KD, 2006) eit sentralt tema. Mange didaktiske problemstillingar blir aktualiserte i møtet med læreplanreforma, problemstillingar som det er interessant å utdjupe i dialog med praksisfeltet. Eg ser, som faglærar, problemstillingane som interessante i forskings- og utviklingsarbeidet mitt. I tillegg gav eige arbeid med reforma inspirasjon til å gjere eit delprosjekt saman med studentane, der dei også kunne søke kunnskap om læreplanreforma i dialog med praksisfeltet. I tillegg var det interessant å ta med studentane i ein læringsprosess med mange av dei same kjenneteikna som pregar faglærarar sitt forskings- og utviklingsarbeid. Eg hadde slik eit tosidig føremål med delprosjektet. Eg ville på den eine sida at studentane skulle få kunnskap om læreplanen gjennom direkte utforsking i praksisfeltet. På den andre sida ville eg følgje dei inn i ein læringsprosess der dei tileignar seg denne kunnskapen.