Journalistens tause kunnskap. Ei drøfting av korleis Michael Polanyis omgrep "taus kunnskap" kan nyttast i ei vurdering av journalistisk praksis.
Abstract
I dette essayet vil eg drøfte korleis Michael Polanyis omgrep ”taus kunnskap” kan nyttast i ei drøfting av journalistikkens grunnleggande verdiar. Både i den allmenne debatten og i fagmiljøa ser det ut til å vere vanskeleg å finne brukande objektive mål som kan skilje god journalistikk frå dårleg, vesentlege saker frå uvesentlege, amatørskap frå profesjonalitet. I alle fall endar slike diskusjonar ofte opp med det ulne og udefinerbare omgrepet ”journalistisk vurdering” som overordna kriterium. Men kva er det?