Sosiale grupper i det gamle bondesamfunnet
Abstract
Den første delen av notatet dreiar seg om grupper som vart nært knytte til bondefamilien. Vi tek her utgangspunkt i at det var vesentlege økonomiske skilnader bøndene imellom på 1700- og 1800-talet. Dette inneber at det truleg også var sosiale skilnader mellom dei. Den andre delen av notatet handlar om sosiale lågstatusgrupper i bondesamfunnet. Her utdjupar vi spesielt kva husmannen var, og at husmannsomgrepet lenge hadde eit svært uklart innhald.