"Kven er vi ?" Ei gransking av norske journaliststudentar [1988]
Abstract
Dette studentarbeidet handlar om norske journaliststudentar i 1988, og vert med dette gjeve ut i notatserien til Høgskulen i Volda. Grunnen til at arbeidet vert gjeve ut i notatserien er at oppgåva frå tid til annan vert etterspurt av forskarar og studentar som er opptekne av korleis journalistutdanning har utvikla seg, og det har ikkje vorte gjort så mange liknande arbeid viser det seg. I så måte var tidlegare medstudent Aslaug Holm småprofetisk då ho slo fast at dette var ei oppgåve som kunne bli viktig!
Oppgåva vart skriven som semesteroppgåve i faget massekommunikasjon på journalistutdanninga ved det som då heitte Møre og Romsdal Distriktshøgskule Volda. Empirien var eit spørjeskjema som vart distribuert til alle studentane på dei fire utdanningane på høgskulenivå som fanst den gongen.