• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Høgskulen i Volda
  • Rapportar og andre skrifter
  • Rapportar
  • View Item
  •   Home
  • Høgskulen i Volda
  • Rapportar og andre skrifter
  • Rapportar
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Kultur- og fritidstilbod for alle? Kulturpendlarar og andre kulturbrukarar i Møre og Romsdal

Båtevik, Finn Ove
Research report
Thumbnail
View/Open
Rapport 16 kulturpendling.pdf (3.677Mb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/154217
Date
2011
Metadata
Show full item record
Collections
  • Rapportar [122]
Abstract
Studien Kultur- og fritidstilbod for alle – om kulturpendlarar, fritidspendlarar og andre kulturbrukarar i Møre og Romsdal er ei kartlegging av bruken av ulike kultur- og fritidstilbod blant vaksne i Møre og Romsdal. Ein del merkesteinar blir trekte fram, men målet har først og fremst vore å fange mykje av den breidda av aktivitet som skjer i fylket i løpet av eit år.

Det mange i Møre og Romsdal som gjer seg nytte av ulike kultur- og fritidstilbod i eige fylke. Sjølv om dei lokale tilboda er viktige, er mange villige til å reise litt om det er ein konsert, ein festival eller eit skianlegg som kan by på ei oppleving som er verdt ein ekstra tur. Eit overslag peikar i retning av at rundt rekna 40 prosent av respondentane ”pendlar” til andre kommunar for å bruke kulturtilbod eller for å bruke anlegg tilrettelagde for ulike former fritidsaktivitet (turstiar, skianlegg, badeanlegg og liknande) ein gong i månaden i gjennomsnitt. Det er i første rekkje dei største byane som fungerer som trekkplaster på befolkninga i andre kommunar, sjølv om enkelte tilbod også dreg publikum andre vegen. Blant byane skil Molde seg ut, ved å ha ein sterk posisjon i forhold til eige fogderi. Romsdal utgjer såleis i større grad enn dei andre fogderia det vi kan kalle ein integrert kultur- og fritidsregion.

To merkesteinar skil seg ut blant tilboda i Møre og Romsdal; Molde Internasjonale Jazzfestival og Atlanterhavsparken Ålesund Akvarium. Det er mange som har besøkt desse og dei trekkjer publikum frå heile fylket.

I samsvar med funn frå mange andre undersøkingar, gjer høgskule- eller universitetsutdanna i Møre og Romsdal seg jamt over i klart større grad enn andre bruk av dei kultur- og fritidstilboda som finst. Likeins er kvinner større forbrukarar av tilboda enn menn. Dette er interessant i forhold til rekruttering av strategiske grupper til fylket. Både private og offentlege bedrifter i Møre og Romsdal har aukande behov for å rekruttere høgare utdanna arbeidskraft, samtidig som fylket også har klare utfordringar med tanke på likestilling. I ein slik samanheng vil kultur- og fritidstilbodet vere ein faktor som kan spele ei viktig rolle for utviklinga i fylket.
Publisher
Møreforsking
Series
Rapport;16

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit