Utviklingstrekk i Nordfjord
Abstract
Rapporten «Utviklingstrekk i Nordfjord» er ein samfunnsanalyse for Nordfjord-regionen. Analysen ser på sentrale regionale utviklingstrekk og utfordringar som regionen står overfor. Dette gjelder utviklingtrekk knytt til mellom anna befolkning, sysselsetting og rekruttering av arbeidskraft, arbeidsreiser, innvandring, nyskaping og utviklinga av fritidsmarknaden. I tillegg til ein systematisk analyse av sentrale utviklingstrekk for regionen, har også sentrale aktørar frå regionen fått kome til orde med sine vurderingar rundt utviklinga av Nordfjord som region. Dette gjeld både godt etablerte aktørar og unge menneske som satsar på ei framtid i Nordfjord.