Inn på tunet i kommunal tenesteproduksjon. Når standardiserte tilbod ikkje strekk til?
Report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/154241Utgivelsesdato
2012Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Rapportar [143]
Sammendrag
Inn på tunet blir brukt i om lag 50 prosent av kommunane i dag, men ordninga har eit relativt lite omfang målt i tal brukarar og tal leverandørar. Kommunane har positive erfaringar med ordninga, noko som i hovudsak skuldast at tilboda lett kan tilpassast individuelle behov, og at tilboda held høg fagleg kvalitet.
Kommunane treng alternative tilbod, og behovet er aukande. Kommunane er på jakt etter alternative arenaer å utvikle tenestetilbodet på, og dei er på jakt etter partnarar å utvikle tenestetilbodet saman med. Vi ser at kommunar som har lukkast med å ta i bruk Inn på tunet, er i ferd med å utvikle eit livsløpsfokus på produksjon og drift av tenester. For å kunne gjere det, må perspektivet på aktuelle samarbeidsarenaer utvidast. Inn på tunet er ein slik arena, og bruk av Inn på tunet kan gje grunnlag for å tenkje nytt også utanfor Inn på tunet.