Effektevaluering av INU-FSF. Effektar for regionen, kommunane og regionen
Abstract
Samandrag
Denne rapporten omhandlar effektevaluering - undersøking av virkemiddelbruk og effektar.
Effektevalueringa gjeld Den interkommunale næringsretta utviklingsordninga som kompenserer for
auka arbeidsgjevaravgift (INU- FSF) – her etter kaldt INU i perioden 2007-2013 i kommunane Førde,
Florø og Sogndal av midlar tildelt gjennom
Dei største bedriftene i Florø, Førde og Sogndal, i 2013 17 stykk, har høgare arbeidsgjevaravgift enn
andre bedrifter i regionen (sone 1a, 10,6 prosent innanfor eit fribeløp, deretter 14,1 prosent) .
Meirkostnadene desse bedriftene har med bakgrunn i dette, vert ført tilbake til fylka som
kompensasjon (kap. 551 post 61 på statsbudsjettet) og dannar utgangspunkt for midlane INU har
tilgjengeleg. Vi kallar derfor desse bedriftene for INU-bedriftene og dette er eit sentralt omgrep i
rapporten.
Resultata av 250 millionar utviklingskroner gjennom INU er mange. Effektane av midlane som er
satsa gjennom 160 prosjekt vil i stor grad vere effektar fram i tid. Det same er tilfelle når det gjeld
auka fokus på innovasjon og nyskaping i bedriftene, og av auka kompetanse og kunnskap. Effektane
av meir attraktive tettstadar, profilering av kommunane og regionane, dyrke vertskapsrolla og ta
godt hand om gründerane ligg også fram i tid og er i tillegg vanskeleg å måle.
Oppsummering av funna
Innsatsfaktorar
INU har løyvt 247 millionar kroner til 166 prosjekt i perioden 2007 – oktober 2013. Av desse
er 48 bedriftsretta prosjekt og 118 regionale prosjekt. 46 søkjarar har i perioden fått tildelt
støtte frå INU, av desse har 33 fått løyvt støtte til to eller fleire prosjekt.
Dei 48 bedriftsretta prosjekta har fått løyvt om lag 50 millionar kroner, dei 118 regionale
prosjekta om lag 195 millionar kroner.
Totalbudsjettet for dei løyvde prosjekta er på om lag 331 millionar kroner.
Tilleggsfinansieringa er i stor grad eigenkapital og eigeninnsats.
I gjennomsnitt har kvart prosjekt motteke om lag 1,5 millionar kroner i støtte frå INU. Dei
regionale prosjekta er jamn over større enn bedriftsretta prosjekt.
Nokre eksempel på store bedriftsprosjekt som har fått løyving i perioden: Fjordbase
Investering i bygningsmasse og infrastruktur på Fjordbasen i Florø (15 millionar kroner),
Havlandet Marin yngel: Utvikling av industriell produksjon av torskeyngel (til saman 10,2
millionar kroner), Sparebanken Sogn og Fjordane med investeringar, kompetanseutvikling og
toppidrettsutvikling, Florø Mekaniske verkstad (2,5 millionar kroner) til investering i ny
verkstadhall og kompetanseutvikling.
Døme på større regionale prosjekt: Verdiskapingsprosjektet; I
hovudsak utviding av tilbod om infrastruktur og aktivitetar i reiselivet sine skuldersesongar.
(19, 5 millionar kroner 2007-2010 + 13 millionar 2011 - 2013), tilskot til tettstadsutvikling i
8
kommunane: I stor grad investeringar i sentrum av Florø, Førde og Sogndal men også andre
plassar i kommunane (til saman om lag 46 millionar 2007- 2013). Sunnfjord 2020: Ulike
grunnlagsinvesteringar knytt til næringsutvikling. T.d. rekruttering, organisering,
omdømmeprosjekt, etablering av eventselskap, utvikling av Florø lufthamn (til saman om lag
10 millionar kroner).
Aktivitetar
Dei løyvde midlane frå INU har i størst grad blitt nytta til investeringar og
kompetansehevande tiltak
Støtta til bedriftsretta prosjekta har i større grad enn dei regionale prosjekta, gått til
kompetansehevande tiltak.
Produkt/tenester
INU har fram til 2009 vore ei viktig kjelde for finansiering av gode bedriftsprosjekt, men det
kan sjå ut til at mange av prosjekta ville ha blitt gjennomførde i same omfang og innan for
same tidsramme uavhengig av INU.
INU har løfta fram enkelte bedriftsretta prosjekt som elles ville hatt vanskar med å få støtte,
til dømes utvikling av industriell torskeyngelproduksjon.
INU har løfta fram spesielle regionale satsingar som elles ville hatt vanskar med å få støtte, til
dømes verdiskapingsprosjektet og tettstadsutviklinga i dei tre tettstadane.
Effektar
INU- prosjekta i undersøkinga (119 prosjekt som til saman har fått løyvt om lag 160 millionar
kroner) er gjennomførde i perioden 2007 – 2012. Det er difor tidleg å sei noko om
brukareffektar og samfunnseffektar. INU- ordninga er ei kompensasjonsordning som skal
kompensere for meirkostnadar dei største bedriftene har til auka arbeidsgjevaravgift.
Brukareffektar
Bedriftsprosjekta har bidrege til å styrke bedriftene sine relasjonar til eksterne aktørar, i
første rekkje leverandørar og konsulentar. Leverandørar har vore viktige samarbeidspartar i
gjennomføringa av prosjekta.
Dei regionale prosjekta har medverka til å styrke relasjonane mellom ulike aktørar innan
verkemiddelapparatet.
Dei bedriftsretta prosjekta har i stor grad medverka til auka fokus på kompetanse og
nyskaping/innovasjon i bedriftene. Spesielt gjeld dette innan for produksjon eller framstilling
av varer og tenester.
Regionale prosjekt har også stor tru på at prosjekta har ført til innovasjonar, spesielt innan
for produkt og produksjonsinnovasjonar.
Styrka verkemiddelapparatet
9
Sju av bedriftsrepresentantane oppgjer at prosjekta i nokon grad har ført til auka omsetnad.
INU har vore utløysande for gjennomføring og ein viktig samarbeidspart for dei regionale
prosjekta.
Lite utløsende kraft for prosjekter.
Midlane har bidrege til å finansiere utviklingskostnader i før-kommersielle fase
Samfunnseffektar
INU-prosjekta har i liten grad medverka til etablering av nye bedrifter
Fem representantar frå bedriftene oppgjev at INU-prosjekta anslagsvis har ført til 27 nye
årsverk.
Dei regionale INU- finansierte prosjekta har vore viktige for å finansiere ikkje-lovpålagde
oppgåver i dei tre regionsentra.
Informantane i dei regionale prosjekta meiner prosjekta i stor grad har medverka til å gjere
virkeområdet for INU meir attraktivt lokaliseringsval for bedrifter
Informantane frå dei regionale prosjekta meiner at prosjekta i stor grad har bidrege til auka
kompetanse, både realkompetanse og formalkompetanse, som i neste omgang kan bli
omsett til etablering og utvikling.
Dei regionale prosjekta har i stor grad gitt effekt ut over eigen kommune. Difor kan ein sei at
dei regionale prosjekta har bidrege til regionbygging og nettverk mellom kommunar og
regionar.