Show simple item record

dc.contributor.authorDvergsdal, Geirmund
dc.contributor.authorYttredal, Else Ragni
dc.contributor.otherGjerde, Siri Beate
dc.coverage.spatialNoreg : Sogn og Fjordane : Sogndalnn_NO
dc.coverage.spatialNoreg : Sogn og Fjordane : Florann_NO
dc.coverage.spatialNoreg : Sogn og Fjordane : Førdenn_NO
dc.coverage.temporal2007-2013
dc.date.accessioned2014-03-28T12:20:05Z
dc.date.available2014-03-28T12:20:05Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.issn1891-5981
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/193216
dc.description.abstractSamandrag Denne rapporten omhandlar effektevaluering - undersøking av virkemiddelbruk og effektar. Effektevalueringa gjeld Den interkommunale næringsretta utviklingsordninga som kompenserer for auka arbeidsgjevaravgift (INU- FSF) – her etter kaldt INU i perioden 2007-2013 i kommunane Førde, Florø og Sogndal av midlar tildelt gjennom Dei største bedriftene i Florø, Førde og Sogndal, i 2013 17 stykk, har høgare arbeidsgjevaravgift enn andre bedrifter i regionen (sone 1a, 10,6 prosent innanfor eit fribeløp, deretter 14,1 prosent) . Meirkostnadene desse bedriftene har med bakgrunn i dette, vert ført tilbake til fylka som kompensasjon (kap. 551 post 61 på statsbudsjettet) og dannar utgangspunkt for midlane INU har tilgjengeleg. Vi kallar derfor desse bedriftene for INU-bedriftene og dette er eit sentralt omgrep i rapporten. Resultata av 250 millionar utviklingskroner gjennom INU er mange. Effektane av midlane som er satsa gjennom 160 prosjekt vil i stor grad vere effektar fram i tid. Det same er tilfelle når det gjeld auka fokus på innovasjon og nyskaping i bedriftene, og av auka kompetanse og kunnskap. Effektane av meir attraktive tettstadar, profilering av kommunane og regionane, dyrke vertskapsrolla og ta godt hand om gründerane ligg også fram i tid og er i tillegg vanskeleg å måle. Oppsummering av funna Innsatsfaktorar  INU har løyvt 247 millionar kroner til 166 prosjekt i perioden 2007 – oktober 2013. Av desse er 48 bedriftsretta prosjekt og 118 regionale prosjekt. 46 søkjarar har i perioden fått tildelt støtte frå INU, av desse har 33 fått løyvt støtte til to eller fleire prosjekt.  Dei 48 bedriftsretta prosjekta har fått løyvt om lag 50 millionar kroner, dei 118 regionale prosjekta om lag 195 millionar kroner.  Totalbudsjettet for dei løyvde prosjekta er på om lag 331 millionar kroner. Tilleggsfinansieringa er i stor grad eigenkapital og eigeninnsats.  I gjennomsnitt har kvart prosjekt motteke om lag 1,5 millionar kroner i støtte frå INU. Dei regionale prosjekta er jamn over større enn bedriftsretta prosjekt.  Nokre eksempel på store bedriftsprosjekt som har fått løyving i perioden: Fjordbase Investering i bygningsmasse og infrastruktur på Fjordbasen i Florø (15 millionar kroner), Havlandet Marin yngel: Utvikling av industriell produksjon av torskeyngel (til saman 10,2 millionar kroner), Sparebanken Sogn og Fjordane med investeringar, kompetanseutvikling og toppidrettsutvikling, Florø Mekaniske verkstad (2,5 millionar kroner) til investering i ny verkstadhall og kompetanseutvikling.  Døme på større regionale prosjekt: Verdiskapingsprosjektet; I hovudsak utviding av tilbod om infrastruktur og aktivitetar i reiselivet sine skuldersesongar. (19, 5 millionar kroner 2007-2010 + 13 millionar 2011 - 2013), tilskot til tettstadsutvikling i 8 kommunane: I stor grad investeringar i sentrum av Florø, Førde og Sogndal men også andre plassar i kommunane (til saman om lag 46 millionar 2007- 2013). Sunnfjord 2020: Ulike grunnlagsinvesteringar knytt til næringsutvikling. T.d. rekruttering, organisering, omdømmeprosjekt, etablering av eventselskap, utvikling av Florø lufthamn (til saman om lag 10 millionar kroner). Aktivitetar  Dei løyvde midlane frå INU har i størst grad blitt nytta til investeringar og kompetansehevande tiltak  Støtta til bedriftsretta prosjekta har i større grad enn dei regionale prosjekta, gått til kompetansehevande tiltak. Produkt/tenester  INU har fram til 2009 vore ei viktig kjelde for finansiering av gode bedriftsprosjekt, men det kan sjå ut til at mange av prosjekta ville ha blitt gjennomførde i same omfang og innan for same tidsramme uavhengig av INU.  INU har løfta fram enkelte bedriftsretta prosjekt som elles ville hatt vanskar med å få støtte, til dømes utvikling av industriell torskeyngelproduksjon.  INU har løfta fram spesielle regionale satsingar som elles ville hatt vanskar med å få støtte, til dømes verdiskapingsprosjektet og tettstadsutviklinga i dei tre tettstadane. Effektar  INU- prosjekta i undersøkinga (119 prosjekt som til saman har fått løyvt om lag 160 millionar kroner) er gjennomførde i perioden 2007 – 2012. Det er difor tidleg å sei noko om brukareffektar og samfunnseffektar. INU- ordninga er ei kompensasjonsordning som skal kompensere for meirkostnadar dei største bedriftene har til auka arbeidsgjevaravgift. Brukareffektar  Bedriftsprosjekta har bidrege til å styrke bedriftene sine relasjonar til eksterne aktørar, i første rekkje leverandørar og konsulentar. Leverandørar har vore viktige samarbeidspartar i gjennomføringa av prosjekta.  Dei regionale prosjekta har medverka til å styrke relasjonane mellom ulike aktørar innan verkemiddelapparatet.  Dei bedriftsretta prosjekta har i stor grad medverka til auka fokus på kompetanse og nyskaping/innovasjon i bedriftene. Spesielt gjeld dette innan for produksjon eller framstilling av varer og tenester.  Regionale prosjekt har også stor tru på at prosjekta har ført til innovasjonar, spesielt innan for produkt og produksjonsinnovasjonar.  Styrka verkemiddelapparatet 9  Sju av bedriftsrepresentantane oppgjer at prosjekta i nokon grad har ført til auka omsetnad.  INU har vore utløysande for gjennomføring og ein viktig samarbeidspart for dei regionale prosjekta.  Lite utløsende kraft for prosjekter.  Midlane har bidrege til å finansiere utviklingskostnader i før-kommersielle fase Samfunnseffektar  INU-prosjekta har i liten grad medverka til etablering av nye bedrifter  Fem representantar frå bedriftene oppgjev at INU-prosjekta anslagsvis har ført til 27 nye årsverk.  Dei regionale INU- finansierte prosjekta har vore viktige for å finansiere ikkje-lovpålagde oppgåver i dei tre regionsentra.  Informantane i dei regionale prosjekta meiner prosjekta i stor grad har medverka til å gjere virkeområdet for INU meir attraktivt lokaliseringsval for bedrifter  Informantane frå dei regionale prosjekta meiner at prosjekta i stor grad har bidrege til auka kompetanse, både realkompetanse og formalkompetanse, som i neste omgang kan bli omsett til etablering og utvikling.  Dei regionale prosjekta har i stor grad gitt effekt ut over eigen kommune. Difor kan ein sei at dei regionale prosjekta har bidrege til regionbygging og nettverk mellom kommunar og regionar.nb_NO
dc.description.sponsorshipINU-FSF (Den interkommunale Næringsretta utviklingsordninga som kompenserer for auka arbeidsgjevaravgift i kommunane Førde, Sogndal og Flora)nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherMøreforsking Voldanb_NO
dc.relation.ispartofseries(Rapport / Høgskulen i Volda og Møreforsking, Volda;47
dc.subjectVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Statsvitenskap og organisasjonsteori: 240::Offentlig og privat administrasjon: 242nb_NO
dc.subjectVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Økonomi: 210::Samfunnsøkonomi: 212nb_NO
dc.subject.ddc338.94838
dc.subject.ddc354.27213
dc.titleEffektevaluering av INU-FSF. Effektar for regionen, kommunane og regionennb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.source.pagenumber49nb_NO
dc.subject.keywordforvaltningnn_NO
dc.subject.keywordregionalutviklingnn_NO
dc.subject.keywordnæringsutvikling
dc.subject.keywordeffektevalueringnn_NO
dc.subject.keywordskattekompensasjonnn_NO
dc.subject.keywordarbeidsgjevaravgiftnn_NO
dc.subject.keywordSogn og Fjordaneno_NN
dc.subject.keywordFlorann_NO
dc.subject.keyword
dc.subject.keywordSogndalnn_NO
dc.subject.keywordFlorønn_NO
dc.relation.projectMøreforsking \ 17129nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record