Ung på Sunnmøre. Rapport 2. Ei undersøking om livsstil og levekår mellom ungdomsskoleelevar i Volda, Ørsta, Vanylven, Sande, Giske og Hareid
Abstract
I denne rapporten blir det presentert data frå eit prosjekt om idrettsliv og folkehelse mellom ungdomsskuleelevar og elevar på første årstrinn på vidaregåande skule i eit utval kommunar i Møre og Romsdal. Data er henta inn gjennom ei PC-basert spørjeundersøking med deltakarar frå ungdomsskular og vidaregåande skule i følgjande kommunar på Sunnmøre (i alfabetisk rekkjefølgje): Giske, Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda, Ørsta.
Den første rapporten frå prosjektet vart publisert i januar 2014. Denne nye rapporten er ei utvida og lett omarbeidd utgåve av den første rapporten. Den viktigaste skilnaden mellom dei to rapportane er at i rapport nr 2 er det teke med data også for kommunane Herøy og Ulstein. Data for Herøy kommune vart samla inn vinteren 2014 og var såleis ikkje tilgjengeleg då den første rapporten vart skriven.