Kvar trykkjer skoen? Om effektar, organisering og flaskehalsar i innovasjonsarbeidet i Sogn og Fjordane
Research report

View/ Open
Date
2014-11-132012-01
Metadata
Show full item recordCollections
- Rapportar [132]
Abstract
Den Interkommunale Næringsretta utviklingsordninga som kompenserer for auka arbeidsgjevaravgift i
kommunane Førde, Sogndal og Flora (INU) har i perioden 2007-2011 disponert om lag 150 millionar kroner.
Desse har gått til regionale og bedriftsretta tiltak i kommunane Førde, Florø og Sogndal. Styret i INU har
engasjert Møreforsking Volda for å evaluere tilskotsordninga for perioden 2007-2013. Prosjektet og rapporten
har desse føremåla i 2011: Effektevaluering: Undersøking av virkemiddelbruk og effektar av dette i perioden
2007-2010 i kommunane Førde, Florø og Sogndal. Evaluering av organisering: Ei oversikt over og evaluering av
organiseringa av INU – FSF, spesielt med tanke på likskapar og forskjellar knytt til tidlegare organisering.
Flaskehalsar i innovasjonsprosessar: Utvikle kunnskap om innovasjonsprosessar i bedriftene og flaskehalsar i
desse samt korleis verkemiddelapparatet fungerer inn i desse prosessane. Denne delen av undersøkinga tek
utgangspunkt i bedriftene som har fått auka arbeidsgjevaravgift i Førde, Florø og Sogndal.
© Forfattarar/