Lokalsamfunnsutvikling - frå dugnad til business? Entreprenøriell aktivitet i to lokalsamfunn
Abstract
Utvikling av lokalsamfunn handlar om å auke den lokale kapasiteten til å utnytte eigne ressursar og engasjement. Levande lokalsamfunn der folk trivast og samstundes fører til fleire arbeidsplassar og busetjing, er mål for både politikarar, byråkratar, eldsjeler og folk flest. Mange lokalsamfunn har tilsynelatane like utfordringar, men har ulik vekstkraft. Kva er det då som gjer at nokre får det til? Kva type ressursar er det slike samfunn har meir av enn andre som gjer dei til meir livskraftige lokalsamfunn, og kva kjenneteiknar sentrale aktørar i slike samfunn?
Entreprenørane, både individuelle og kollektive, har ulikt handlingsrom i lokalsamfunna, men med felles referansar til eigenskapar, kompetanse og nettverk. Evna til å skape dialog, tillit og mobilisere for felles sak vil avgjere i kva retning lokalsamfunnet går. Å skape forståing for samanhengane, å sjå at det som ”naboen” driv med er viktig også for meg og for fellesskapen, er døme på kunnskap som kan bidra til positiv utvikling.
Utgangspunktet for denne arbeidsrapporten er masteroppgåva i Samfunnsplanlegging og leiing som eg leverte ved Høgskulen i Volda våren 2010. Bakgrunnen for å studere nærmare entreprenøriell aktivitet, er mange år med utviklingsarbeid retta mot etablerarar og mot heile lokalsamfunn. Dette har gitt innsikt i og interesse for entreprenøren og entreprenørskap, og samspelet mellom det individuelle og kommersielle, og det kollektive og uegennyttige.