Relasjonsbygging mellom kommunar, næringsliv og arbeidsinnvandrarar. Den katolske kyrkja som potensielt bindeledd i lokalt samarbeid
Master thesis
View/ Open
Date
2015Metadata
Show full item recordCollections
- Samfunnsplanlegging [69]
Abstract
I denne studien har eg sett nærmare på katolsk arbeidsinnvandring på Sunnmøre. Eit av formåla med studien, har vore å finne ut av korleis den katolske kyrkja kan bidra til integrering av arbeidsinnvandrarar frå Aust- Europa i arbeidsliv og lokalsamfunn. Igjennom ei systematisk kartlegging og datainnsamling, har eg prøvd å få ei forståing for denne situasjonen. Studien min ser på i kva grad den katolske kyrkja kan fungere som ein ressurs for kommunane i integreringsarbeid av arbeidsinnvandrarar, og korleis ein kan nytte seg av den katolske kyrkja som medverknadsarena i planarbeid. Eg har i studien min lagt vekt på ulike samfunnsinstitusjonar i studiekommunane Herøy og Ulstein, der eg har sett nærmare på tilnærminga ovanfor. Verdien av relasjonar, nettverk og samarbeidsprosessar har vore drivkrafta bak arbeidet, der kollaborativ planlegging og institusjonell kapasitetsbygging har fått hovudrolla i den teoretiske tilnærminga. I studien har eg sett at fleire ulike samfunnsinstitusjonar i studiekommunane har utfordringar med å nå ut til arbeidsinnvandrarane i integrering, plan og utviklingsarbeid. Dei har utfordringar med å formidle viktig informasjon til denne gruppa, få dei til å delta på ulike samfunnsaktivitetar og verte ein del av lokalsamfunnet. Informantane i studien opplever at dei manglar ein informasjonskanal og ei kontaktflate inn mot denne gruppa. Planavdelingane i studiekommunane er i ein søkjefase, der dei er på leit etter ulike kontaktpunkt og arenaer for å kunne inkludere arbeidsinnvandrarane i plan og utviklingsarbeid. Det viser seg at dei har sett behovet for ein medverknadsarena, men har kome kort i arbeidet med dette. Det kjem fram av studien at ein av fleire årsaker til at arbeidsinnvandrarane vel å unngå kontakt med det offentlege, er mangel på tillit og trygge relasjonar til det offentlege systemet. I mange samanhengar oppstår det misstydingar mellom arbeidsinnvandrarane og offentlege tilsette, og dette fører til konfliktforhold. Erfaringar i frå studien min viser at for at det skal vere mogleg å få til gode samhandlingsprosessar og samarbeid mellom det frivillige, offentlege og næringslivet, er ein avhengig av tillit og trygge relasjonar mellom aktørane og denne gruppa. Studien fremmar den katolske kyrkja som eit potensielt bindeledd i lokalt samarbeid, der studien ser på korleis denne institusjonen kan vere ein ressurs for kommunane i integrering, plan og utviklingsarbeid. Årsaka til at studien har valt å fokusere på den katolske kyrkja i Ålesund som eit potensielt bindeledd, er at svært mange av arbeidsinnvandrarane som er busette i Herøy og Ulstein kommune er katolske innvandrarar. Desse innvandrarane kjem i frå land med ein lang katolsktradisjon, der religiøse trussamfunn, tilknyting til eit religiøst fellesskap og eit religiøst tilbod er viktig for deira livssituasjon. Igjennom studien ynskjer eg å gjere eit bidrag til eit meir samansett bilete av arbeidsinnvandring i plan og utviklingsarbeid. Samstundes korleis den katolske kyrkja som medverknadsarena kan vere ein ressurs for kommunane. Eg opplever at der er eit behov for meir kunnskap på området arbeidsinnvandring i plan og utviklingsarbeid, samtidig opplever eg at kommunane har behov for ein informasjonskanal og ei kontaktflate inn mot arbeidsinnvandrarane. Summary
The study examines the topic of the Catholic labour migrations in the Western part of Norway. The purpose is to elaborate on how the Catholic Church can contribute to the integration of labour migrations from the East Europe in Norwegian communities. Through a systematic mapping and collection of data, I have tried to reach an understanding of the extent to which the Catholic Church can attend as a resource for the communities in integration efforts by labour immigrants. How can the municipalities benefit the Catholic Church as a participation arena in planning work? I have focused on different institutions in the study of the municipalities Herøy and Ulstein in Møre and Romsdal County. This to be able to look into the above approach in more details. The value of relations, networks and cooperation processes has been the driving force for the study. Collaborative planning and institutional capacity building is the main areas of the theoretical approach. The study looks at several different institutions, and the challenges that they have with reaching out to labour immigrants in the integrations process, plan and development work. The study shows that the institutions have challenges transferring important information to the group, as well as make them participate in various community activities and become part of the local community. Informants in the study feel that they lack an information channel and a contact point towards this group. The local planners are in a search phase, where they search for various contact points and venues to include labour workers in planning and development work. It turns out that they are aware of the need for such an arena for participation; however, they have not come any further to a solution regarding these necessities. It appears that one of the several reasons why labour immigrants avoid contact with the public is lack of trust and confident relations to the public system. In many contexts, it appears misunderstandings between the labour immigrants and the government, which causes conflict conditions. The study shows that to achieve good interaction and cooperation between the voluntary, public and private sector it depends on trust and confident relations between the participants and the labour immigrants. The study supports the Catholic Church acting as a potential link in local cooperation, where the study looks at how this institution can be a resource for municipalities in integration, planning and development work. The reason why the study focuses on the Catholic Church in Ålesund acting as a potential link is that many of the labour immigrants who are residents in Herøy and Ulstein are Catholic immigrants. These immigrants come from countries with long Catholic tradition, where religious communities, affiliation to a religious unity, and a religious offer are important for their living situation. Through the study, I wanted to contribute to a composite image of migrants in planning and development work. At the same time, illustrate how the Catholic Church can be a participations arena and a resource for the municipalities. I find that there is a need for more knowledge about labour immigrants in the plan and development field, as well as experiencing that the municipalities need an information channel and a contact point into the labour migrations.