Show simple item record

dc.contributor.authorAustrheim, Inge
dc.date.accessioned2018-08-23T09:53:17Z
dc.date.available2018-08-23T09:53:17Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2559032
dc.description.abstractDenne oppgåva har blitt til som ein del av masterstudiet i undervisning og læring ved Høgskulen i Volda. Utgangspunktet for dei undersøkingane eg har gjort er deler av materialet som er samla inn gjennom SPEED- prosjektet (The function of special education). Dette er eit prosjekt som har som mål å finne ut meir om spesialundervisninga i norsk skule og korleis denne verkar. For å finne ut av dette fekk 3380 elevar i to norske kommunar tilbod om å vere med i prosjektet. Der svarte dei mellom anna på ei matematikkprøve og eit spørjeskjema der dei gav informasjon om ulike forhold i samband med skulekvardagen. Ein av tinga dei svarte på var i kva grad dei fekk hjelp med leksene heime i matematikk. Etter eit år gjennomførte elevane dei same prøvene og svarte på dei same spørsmåla. Dermed kan ein samanlikne resultata på matematikkprøva ved to ulike tidspunkt og halde dette opp mot spørsmåla dei har svart på i høve hjelp med leksene. Hovudproblemstillinga mi ut frå dette er å undersøkje om det er skilnad i den faglege utviklinga til elevane i matematikk ut frå kor mykje hjelp dei får med leksene i faget. For å prøve å finne faktorar som verkar inn på effekten av hjelp med leksene i matematikk, har eg i tillegg til hovudproblemstillinga undersøkt for fire ulike variablar: kjønn, prestasjonsnivå, klassetrinn og sosioøkonomisk bakgrunn. Grunnen til at eg valde denne problemstillinga er at den med jamne mellomrom dukkar opp i mitt daglege virke som lærar. Foreldre og elevar lurer på om utbytet av leksene står i stil med innsatsen som må til for å kome i mål med arbeidet. I tillegg er lekser, og konsekvensane av desse, eit tilbakevendande tema i media. Alle har erfaring og meiningar om lekser. Likevel er det eit tema som er forholdsvis lite forska på. Effekten av hjelp med leksene er det enda mindre kunnskap om. Dette har gjort arbeidet med denne oppgåva ekstra interessant. I denne oppgåva finn eg at det for storparten av elevane er små skilnader i fagleg utvikling ut frå mengda hjelp med matematikkleksene. Likevel er det nokre grupper som skil seg markert ut. Dette er dei elevane som presterer lågast og dei elevane som har foreldre med yrkesfagleg utdanning som høgste utdanningsnivå. For desse to gruppene er det klare skilnader ut frå mengda med leksehjelp dei får i heimen.nb_NO
dc.description.abstractSummary This research has developed as part of a master study in education and learning at Høgskulen in Volda. The starting point for the research I have done is based on parts of material gathered through the SPEED project (The function of special education). This is a project which aims to discover more about special education in the Norwegian school system and how it works. A total of 3380 students in two Norwegian counties were asked to participate in the project. They were, among other things, given a mathematical test and a questionnaire giving information about different circumstances affecting their everyday school life. One of the questions was to what extent they received help at home with their mathematical homework. After a year, the students received the same tests and questionnaire. This way it has been possible to examine and compare the results of the mathematical tests done at separate times, and at the same time study the results linked to what the students answered about receiving help with their homework. My main research question is to investigate if there are differences in the mathematical development the students achieved depending on how much help they received with their mathematical homework. During my research I tried to find factors which influence the effect of receiving help with mathematical homework. In addition to my main research question, I have examined four different variables: gender, level of achievement, grade and socio-economic background. I sometimes encounter this issue in my work as a teacher; this is the reason for choosing the research question. Parents and students often wonder if they will gain accordingly from their effort in order to achieve their work goals. In addition, homework and its consequences have been a reoccurring issue in the media. Everyone has experience with and has opinions about homework. Still there has been done very little research about this. There is even less knowledge about the effect of receiving help with homework. This has made my research most interesting. In this research, I have found that there are few differences in the academic development according to the amount of help received with the mathematical homework. Still some groups stand out specifically. These are the students with the lowest academic scores and the students whose parents have a vocational education as their highest form of education. In these two groups there is a significant difference according to the amount of homework help the students received at home.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen i Voldanb_NO
dc.titleEffekten av hjelp med leksene i matematikk. Er det skilnad på den faglege utviklinga til elevane i matematikk ut frå kor mykje hjelp elevane får med heimeleksene i faget?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Matematikk og Naturvitenskap: 400::Matematikk: 410nb_NO
dc.source.pagenumber90nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record