Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBjørneset, Olaug
dc.date.accessioned2018-10-02T07:40:52Z
dc.date.available2018-10-02T07:40:52Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2565621
dc.description.abstractDenne masteroppgåva i Dokumentar og journalistikk drøftar kva som knyter dokumentarfilmen Kampen om Mardøla (1972) av Oddvar Einarson til den globale opprørsbølgja som starta på 1950-talet og slutta tidleg på 1970-talet – også kalla dei lange 1960-åra. Mardøla-aksjonen i Møre og Romsdal i 1970 var ein ikkje-valdeleg protestaksjon mot utbygging av Grytten kraftverk og tørrlegging av Mardalsfossen. Kampen om Mardøla skildrar denne aksjonen – men er også eit debattinnlegg med same agenda som aksjonistane. Det teoretiske rammeverket for oppgåva er henta frå historie og medievitenskap, og føremålet med oppgåva er å sette filmen inn i ein historisk samanheng ved hjelp av eit kvalitativt djubdeintervju med filmskapar Oddvar Einarson, informasjon frå sentrale aktørar og historiske dokument, samt tidlegare forsking. Samtidig er ikkje historia til filmen avslutta, og dei som kjempa for Mardalsfossen har ikkje gitt opp å få fossen fri – 47 år etter utbygginga. Det er difor interessant å sjå på kva som skjer vidare med denne filmen. NRK var opprinneleg oppdragsgivaren til fotografen Oddvar Einarson då han reiste til aksjonsleiren i Sandgrovbotnen i 1970, men Einarson meinte hendinga var større enn at han berre kunne lage eit magasininnslag for ungdomsprogrammet Flimra, som oppdraget gjekk ut på. Han ville lage ein film, og etter kvart braut NRK samarbeidet. Hovudfunna i oppgåva er at filmskaparen sympatiserte sterkt med aksjonistane, i så stor grad at han, og filmen han laga, vart ein del av aksjonen. Både Mardøla-aksjonen og Oddvar Einarson er knytt til aksjonsbølgja i dei lange 1960-åra, samtidig som dei representerte noko nytt: den nye miljørørsla i Noreg. Ein av fleire grunnar til at NRK trekte seg ut av prosjektet, er at filmen vart for subjektiv for dei. Dei har enno ikkje sendt filmen, men har no kjøpt rettane av Oddvar Einarson, og planlegg å sende filmen på TV og gjere han tilgjengeleg digitalt.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen i Voldanb_NO
dc.titleEin kvalitativ studie av dokumentarfilmen Kampen om Mardøla som protestfilmnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Medievitenskap og journalistikk: 310nb_NO
dc.source.pagenumber56nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel