«Korleis seie vakkert bort». Ei utforsking av forholdet mellom sjangeroverskridande litterært språk og eksistensiell tematikk i Jan Roar Leikvolls roman Bovara
Master thesis
View/ Open
Date
2018Metadata
Show full item recordCollections
- Nynorsk skriftkultur [25]
Abstract
This master thesis is about the novel Bovara, written by Jan Roar Leikvoll. It was published in 2012, and is the last book in a trilogy known for brutal stories told in a poetic language. The main character is Frrok, a gardener in a monastery. He is an outsider among the monks, because of his emotional vulnerability which makes him weak in the extremely brutal and violent environment this «godforsaken» monastery is. Frrok longs for love and closeness, andbecause of the lack of these needs, he feels trapped inside his own body and mind. His biggest wish is to become someone else, and this drive leads to him kill a young pregnant woman, and «become» her.
The plot is full of brutality and horrific events, but the language is a poetic new norwegian.This contrast is the main focus for this thesis. I am doing an analysis of this contrast and how the language and theme of the book works togheter. My main goal is to say something about how this story of violence and «non-human» behaviour can tell us something about ourselves,even though we want to keep a distance to the main character and the things he does.
I want to explore how one can use language to go deeper into subjects that are so unpleasant to talkabout that one rearly does it. I have chosen to use narrative theory, and Gérárd Genette and Petter Aaslestad as my main sources in the task of analyzing the language. This is because not only is the language in the novel very poetic and therefore crossing genres, but also because language is so closely tied to the theme of the novel, and is being discussed by the novel itself.
There is also a need to supplement it to be able to connect the form and theme of the novel. Therefore, I have chosen to turn to psychoanalytic theory, using Jacques Lacan and Julia Kristeva as my main references. The point of combining narrative theory and psychoanalytic theory is to use the combination as a tool to discuss how the written text, Bovara, is able to express existential questions. Samandrag
Denne masteroppgåva handlar om Jan Roar Leikvoll sin roman Bovara. Den kom ut i 2012, og er den siste i ein trilogi kjend for brutal handling fortalt i eit poetisk språk. I Bovara møter vi Frrok, ein gartnar i eit kloster. Han er ein «outsider» i klosteret, på grunn av sin kjenslevare natur, som gjer at han ikkje passar inn i det på mange måtar «primale» og harde miljøet dette «gudsforlate» klosteret er. Frrok lengtar etter kjærleik og nærleik, og fordi desse behova ikkje blir møtt, kjenner han seg fanga i sin eigen kropp og sitt eige hovud. Hans største ønske er å vere ein annan, noko som leiar til at han tar livet av ei ung gravid kvinne, og «blir» henne.
Handlinga er full av brutalitet og forferdelege hendingar, men det blir fortalt i eit poetisk nynorsk. Denne konstrasten er hovudfokuset for denne oppgåva. Eg analyserer denne kontrasten og korleis språket og det tematiske i romanen jobbar saman. Hovudmålet mitt er å seie noko om korleis denne forteljinga om vald og «umenneskeleg» oppførsel kan fortelje oss noko om oss sjølv, trass i at ein som lesar helst vil distansere seg frå hovudpersonen og dei vonde tinga han gjer. Eg vil drøfte korleis ein kan bruke språket for å utforske noko som er så vondt og ubehageleg at ein sjeldsynt snakkar om det.
Eg har valt å bruke narratologisk metode, og bruker Gérárd Genette og Petter Aaslestad som mine hovudreferanser for å analysere språket i romanen. Ikkje berre fordi språket er svært poetisk og derfor sjangeroverskridande, men også fordi språket er er svært tett knytt saman med det tematiske, og blir i seg sjølv problematisert i romanen. I tillegg er det nødvendig med eit supplement til denne metoden for å få fram nyansene i det tematiske. Derfor har eg valt å bruke psykoanalytisk teori i tillegg. Gjennom Jaqcues Lacan og Julia Kristevas kombinasjon av psykoanalyse og språkteori, ser eg på korleis form og innhald jobbar saman og skaper moglegheit for å utforske eksistensielle spørsmål gjennom teksta