Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorOttesen, Randi Lyngbø
dc.contributor.authorWaage, Iselin Vatnehol
dc.coverage.spatialMøre og Romsdal county. Norwayen
dc.date.accessioned2020-03-02T09:34:09Z
dc.date.available2020-03-02T09:34:09Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2644559
dc.description.abstract1.august 2017 tredde bestemmingane om §9 A-4. Aktivitetsplikt for å sikre at elevar har eit trygt og godt psykososialt skolemiljø i kraft (Opplæringslova, 1998). Ifølgje punkt nummer ein i Aktivitetsplikta er dei vaksne som arbeidar på skulen pliktige til å følgje med på om elevane har eit trygt og godt psykososialt miljø. Eg undrar meg over korleis skulen gjennomfører dette arbeidet, når ein kan lese av Elevundersøkinga 2018 at omlag 37 prosent av dei som har blitt utsett for mobbing seier dei vaksne ikkje visste noko (Wendelborg, 2019). Korleis implementerer skulen punkt 1 i Aktivitetsplikta «Å følgje med»? er tittelen og problemformuleringa på masteroppgåva. Forskingsspørsmåla er: Blir klasseleiing brukt som eit aktivt omgrep? Og i kva grad blir arbeid med relasjonar brukt i implementeringa? Svara på desse spørsmåla vil kunne gi eit bilete av korleis skulen arbeidar, og kva fallgruver ein må vere merksame på. Studien er empirisk, og det er nytta ei kvalitativ metode Denne undersøkinga viser at kompetansen til den som skal følgje med er heilt sentral for å kunne avdekke, gripe inn og førebygge mobbing. Dei som skal følgje med på elevane sitt skulemiljø må vite kva dei skal gjere, korleis dei skal gjere det, og kvar på skulen sine områder dei skal gjere det. Det må vere ei kollektiv oppfatning på skulen av kva «Å følgje med» inneber for at alle skal drage i same retning. Kva å følgje med betyr er åleine ikkje nok, korleis det skal gjennomførast i praksis er essensielt for kva som blir gjort. Kva det inneber å følgje med verkar implementert, korleis det skal gjennomførast verkar derimot ikkje godt nok implementert. Funna viser at nokre elevar opplev at lærarar ikkje tek situasjonane dei observerer på alvor, og at lærarane kan tolke mobbinga som kødd. Lærarane seier nokre elever kan vere vanskelege å tolke fordi dei skjuler kjenslene sine. Læraren sin kunnskap om elevroller og makthierarki vil saman med læraren sitt medvit om eigen relasjon til eleven eller elevgruppa vere sentralt for kva som blir fanga opp. God kvalitet på klasseleiinga kan påverke mobbing, krenkingar og arbeidsro. Det er difor viktig at læraren er medviten om eiga rolle i klasserommet, både gjennom den strategiske og den situasjonsmedvitne klasseleiinga. Studien viser at lærarane tenkjer det er viktig å kjenne eleven for å kunne følgje med på ein god måte. Å kjenne eleven er sentralt for å bygge ein relasjon som skaper tryggleik og gjensidig tillit mellom lærar og elev som kan leie til at eleven vågar å fortelje om det som er vanskeleg.nn_NO
dc.description.abstractSummary On the 1st of August 2017 §9 A-4 The Activity Requirement was put in motion (Opplæringslova, 1998). This means that the adults at the schools, according to point one in The Activity Requirement, are obliged to pay attention and thus ensure that all students experience a safe psychosocial environment. I am curious at how schools are following up on these requirements, when one can read in the Student evaluation 2018 that approximately 37 percent of students that have been affected by bullying states that the adults were unaware of the situation (Wendelborg 2019). The title of the master thesis is; How does the schools implement point one in The Activity Requirement «to pay attention»? My research questions are: Is class management used as an active term? To what degree is working with relations used in the implementation? The answers to these questions should give us an indication of how the schools currentley operate, and what pitfalls to avoid. The study is empirical, and the method is qualitative. Findings from these studies show that the competence of the adult paying attention is crucial to be able to discover, taking action and preventing bullying. Those in charge of paying attention to the students in their school environment need to know what to do, how to do it, and where on the school premises to do it. There must be a mutual agreement in the school of what «paying attention» means for everyone to pull in the same direction. To simply be attentive Is not enough; how it is executed is essential to achieve the wanted outcome. What it means to pay attention seems to be well established. The execution of it, on the other hand, does not. Findings imply that some students experience that the teachers interpret the bullying as shenanigans. The teachers state that some students can be hard to read as they are intentionally hiding their emotions. The teacher’s knowledge of student roles and hierarchy of power, combined with their relations to the student or student body will be central for what is being registered. High quality class management can have effect on bullying, harassment and study environment. It is therefore crucial that the teacher understands their role in the classroom, both through the strategic and the practical class management. Furthermore, the study shows teachers find it important to know the students well to be able to pay proper attention to them. As a teacher, knowing your students, is fundamental when building a solid relationship of mutual trust—which subsequently may lead students becoming more comfortable talking to their teachers about issues they find difficult.en
dc.language.isonno
dc.publisherHøgskulen i Voldann_NO
dc.titleKorleis implementerer skulen punkt 1 i Aktivitetsplikta : "Å følgje med"? "Eg føler lærarane av og til berre følgjer med på nokre elevar"nn_NO
dc.title.alternativeBlir klasseleiing brukt som eit aktivt omgrep? Og i kva grad blir arbeid med relasjonar brukt i implementeringa?nn_NO
dc.title.alternativeFørebyggande arbeid mot mobbingnn_NO
dc.typeMaster thesisen
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Psykologi: 260::Andre psykologiske fag: 279nb_NO
dc.source.pagenumber94
dc.relation.projectNSD 248940


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel