«Eg rekk ikkje over 25 elevar med munnleg tilbakemelding i alle fall». Tilpassa opplæring og tilbakemelding i begynnaropplæringa
Abstract
Samandrag
Tema i denne studien er tilpassa opplæring og tilbakemelding i begynnaropplæringa. Ny teknologi har endra skulekvardagen når det gjeld bruk av læringsverktøy og arbeidsmetodar. Dette gjeld for både lærarar og elevar i skulen. Eit utval lærarar sin praksis på 1.trinn blir studert, og problemstillinga for studien er: Korleis forstår og arbeider eit utval lærarar med tilpassa opplæring i begynnaropplæringa, og korleis praktiserer desse lærarane tilbakemelding til elevane? Studien er eit delprosjekt i forskingsprosjektet DigiHand, eit NFR-prosjekt (2018- 2021) som undersøkjer fyrsteklassingar si skriveutvikling og skriftspråkspraksisar. I denne studien har eg studert tre lærarar si forståing og praksis ut frå tre ulike vilkår: Vilkår 1 = utsett handskrift til 2.skuleår + 1:1 nettbrett, vilkår 2 = handskrift 1.skuleår + 1:1 nettbrett, og vilkår 3 = handskrift 1.skuleår, utan nettbrett. Studien er basert på ein kvalitativ tilnærmingsmetode, der eg har henta inn empiri gjennom videoobservasjon i ein heil undervisningsdag i tre klasserom, og intervjua dei tre aktuelle lærarane i klasseromma. For analyser er det nytta ei kvalitativ temasentrert analytisk tilnærming for intervjudata, og både ei kvalitativ og kvantitativ tilnærming av observasjonsdata (video). Resultat frå analyser viser at lærarane arbeider med tilpassa opplæring på ulike måtar. Nettbrett er eit godt supplement i arbeidet med tilpassa opplæring på 1.trinn, og lærarane differensierer undervisninga på ulike måtar gjennom innhald, arbeidsmåtar og læremiddel. Munnleg tilbakemelding er den sentrale vurderingsforma i begynnaropplæringa på tvers av alle dei studerte vilkåra, og lærarane syner ulik forståing av kva som kan vere nyttig tilbakemelding til den enkelte eleven. Ros og anerkjenning vert framheva som viktig for eleven sin motivasjon og meistringsoppleving. Analyse av video syner låg skåre på kvalitet i tilbakemeldingsinteraksjonar i klasserommet. Basert på studien sine analyser viser resultatet at det er potensiale for utvikling av tilbakemeldingar som fremjar elevane si utvikling og læring, og eit spørsmål er korleis nettbrettet i større grad kan verte eit viktig supplement for adaptiv tilbakemelding til den enkelte elev for læring og utvikling. Abstract
The topic of this master thesis is adaptive learning and feedback in elementary school, in 1st grade. New technology has changed the school day regarding learning tools and work-methods. This applies to both teachers and pupils at school. A selection of teachers’ practice in 1st. grade is studied, and the research problem of the thesis is: How do a selection of teachers understand and work with adaptive-learning in elementary school, and how do these teachers practice feedback to the pupils? This study is part of the research project DigiHand, an NFR-project (2018-2021) that investigate 1st graders’ writing-development and written-language-practices. In this master thesis three teachers’ understanding and practice in three different terms (context) are studied: Term 1 = postponed handwriting to the second year of school + 1:1 tablet. Term 2 = handwriting in the first year of school + 1:1 tablet. Term 3 = handwriting in the first year of school, without tablets. The thesis is based on a qualitative approach, in which I have gathered data through video-observations in the three teachers’ classrooms during a school day, in addition to individually interviews with the three teachers. For analysis I have used a qualitative theme-centered analytical approach for interview-data, and both a qualitative and quantitative approach of observational-data (video). The result show that the teachers work with adaptive-learning in different ways. Further, tablets seem to be perceived as good supplements when working with adaptive-learning, and the teachers differentiate their teachings in different ways through content, level, work-methods and teaching means. Another result is that oral feedback is the common type of assessment in these classrooms. Analysis of the teachers’ perceptions also show that there is a different understanding among the teachers of what might be useful feedback to the pupils. Further, praise and recognition are highlighted as important for the pupils’ motivation and feeling of accomplishment and self-efficacy. Analysis (Classroom Assessment Scoring System) of video observations show that the quality of feedback-interactions in the classroom are in the lowrange. The overall result of this thesis shows that the teachers have different approaches to adaptive learning and that there is a potential for improvement of feedback that enhances pupil’s development and learning, and a question is how tablets to a higher degree can become an important supplement for adaptive-feedback to the pupils for learning and development.