Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorTopphol, Arne Kåre
dc.contributor.authorØye, Linn Janett Driveklepp
dc.coverage.spatialNorwayen
dc.date.accessioned2020-03-03T13:24:10Z
dc.date.available2020-03-03T13:24:10Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2644981
dc.description.abstractI denne masteroppgåva ser eg på faktorar som har påverka val av matematikkfag for elevar som går utdanningsprogram for studiespesialisering. I kunnskapsgrunnlaget tek eg føre meg teori og forsking knytt til desse vala, og til ein del aktuelle faktorar som kan påverke elevane sine val. Problemstillinga for denne oppgåva har vore: Kva faktorar har påverka val av matematikkfag i vidaregåande skule for elevar som no går Vg3 Studiespesialisering? Når vi veit meir om faktorane som påverkar vala, kan vi få ei betre forståing for kva som skjer i denne valprosessen. Dermed kan både lærarar og rådgjevarar verte ei betre støtte for elevane når desse vala skal gjerast. Kanskje vil ein kunne sjå om det er noko ein kan gjere for å stimulere til auka rekruttering innanfor matematikkfaga og dei andre realfaga, noko det også har vore eit politisk fokus på siste åra. For å finne svar på problemstillinga har eg valt ei fenomenologisk tilnærming. Det har vore gjennomført kvalitative, semistrukturerte, retrospektive intervju med Vg3 elevar, der temaet var kva faktorar som var med på å avgjere kva matematikkfag dei valde på Vg1, Vg2 og Vg3. Eg fekk informere fire ulike klasser om prosjektet mitt, og dei som ynskte å delta, melde frå om dette til meg. Det vart såleis eit tilfeldig utval elevar som vart intervjua. Resultata i undersøkinga er i samsvar med tidlegare forsking og teori, og understrekar at faktorar knytt til høgare utdanning er dei faktorane som ser ut til å ha medverka sterkast for flest elevar. Nokre elevar trekte fram krav til spesielle fag for å kome inn på spesielle studium, medan andre fortalde om høge karakterkrav på studium dei ynskte å gå etter vidaregåande. Elevane hadde diskutert vala i heimane, og fleire av jentene hadde også snakka med vener om desse vala. Det som overraska meg mest ved kven elevane hadde diskutert vala med, var at ingen fortalde at dei hadde diskutert fagvalet med faglærarane sine. Desse hadde berre bidrege med informasjon. Ein del av elevane hadde gjort omval undervegs, og nokre hadde også endra syn på kva matematikkretning som var den rette for dei.nn_NO
dc.description.abstractSummary In this master’s thesis I study factors that influence the choices of mathematics courses made by students attending the educational program Vg3 Studiespesialisering. Vg3 is the last year at high school. A knowledge base will be presented in which I will discuss theories and research related to the students’ choices and also to some relevant factors that may affect students. The issue for this master’s thesis has been: What factors have influenced the choice of high school mathematics courses made by students who are now attending Vg3 Studiespesialisering. When we get to know more about the factors that influence their choices, we probably also get a better understanding of the process of choosing. As a result, both teachers and career counsellors may be able to provide better support for students when they are in the process of making their choices. Perhaps one will be able to see if there is anything that can be done to stimulate to increased recruitment within the mathematics and other sciences, which has also been politically focused in recent years. To find answers to the issue, I have chosen a phenomenological approach. Qualitative, semistructured, retrospective interviews with Vg3 students have been conducted, where the theme has been the factors that helped them decide which maths courses they chose for Vg1, Vg2 and Vg3. I was allowed to inform four classes about my project. The students who wanted to participate, reported this to me. The selection of students to be interviewed was therefore random. The results of the survey are in line with previous research and theories, and emphasize that factors related to higher education are the factors that appear to have contributed most strongly to most students. Some students highlighted special subjects required to enter special studies, while others told me about the high grade requirement of the study they wanted to attend after high school. The students had discussed their choices at home, and some of the girls had also talked to friends about it. What surprised me the most about who students had discussed their choices with, was that none of them mentioned that they had discussed the choice of courses with their teachers. They had only received information on the subjects from them. Some of the students had re-elected along the way, and some had also changed their view on which maths direction was right for themen
dc.language.isonno
dc.publisherHøgskulen i Voldann_NO
dc.titleHalde fram med matte eller ikkje? Ei kvalitativ undersøking av faktorar som har påverka val av matematikkfag i vidaregåande skule for elevar som no går Vg3 studiespesialiseringnn_NO
dc.title.alternativeKva faktorar har påverka val av matematikkfag i vidaregåande skule for elevar som no går Vg3 Studiespesialisering?nn_NO
dc.title.alternativeKva har påverka eller styrt val av matematikkretning på vgs for elevar som no går Vg3 studiespesialisering?nn_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Andre pedagogiske fag: 289nb_NO
dc.source.pagenumber107nb_NO
dc.relation.projectNSD 61446nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel