dc.contributor.advisor | Høydalsvik, Thorhild Erika Lillemark | |
dc.contributor.author | Kvamme, Marita | |
dc.coverage.spatial | Norway | en |
dc.date.accessioned | 2020-03-04T07:40:43Z | |
dc.date.available | 2020-03-04T07:40:43Z | |
dc.date.issued | 2019 | |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/11250/2645055 | |
dc.description.abstract | Formålet med denne studien er å undersøke foreldre og pedagogar sine erfaringar med kvalitet i opplæringa for elevar med Downs syndrom. Tidlegare forsking (Bachmann, Haug, & Nordahl, 2006; Nordahl, et al., 2018; Atasoy & Sevim, 2018) peikar på at kvalitet i opplæringa for elevar med psykisk utviklingshemming ikkje er tilfredsstillande.
Problemstillinga for denne studien lyder følgjande: o Korleis erfarer aktørar rundt elevar med Downs syndrom kvalitet i opplæringstilboda?
Ei kvalitativ tilnærming er nytta for å svare på problemstillinga. Det er gjennomført tre kvalitative forskingsintervju og ei fokusgruppe for å hente inn datamateriell. Studien sitt design er utforma som eit «Exploratory Two-sited Case Study».
Deltakande aktørar i case I er Mikkel si mor og Spesialpedagogen hans. Deltakande aktørar for case II er Amanda si mor, Spesialpedagogen hennar og Kontaktlæraren hennar.
Tidlegare forsking (Florian & BlackHawkins, 2011; UNESCO, 1994; Bachmann & Haug, 2006) peikar på at ein inkluderande praksis ved skular kan utvikle kvaliteten i opplæringa for alle lag av elevar. Inkludering handlar om at alle elevar har rett på opplæringa av høg kvalitet i den skulen som ligg nærast heimen, uansett behov for særskild tilrettelegging i opplæringa (Mitchell, 2005)
I denne studien er det valt å legge vekt på Haug (2014) sine prinsipp for korleis det kan leggast til rette for inkluderande praksis i skulen. Prinsippa handlar om å vere i fellesskapen, delta, medverke og få eit tilfredsstillande fagleg og sosialt utbytte av opplæringstilbodet.
Funn tyder på at pedagogane erfarer det som kvalitet i opplæringa når IOP-en vert aktivt følgd gjennom heile året og når eleven oppnår læreplanmål. Vidare skildrar aktørane det som kvalitet i opplæringa når den innehar eigenskapane motivasjon for læring og når individuelle behov vert møtt og forstått i eit utviklande perspektiv. Utfordringar for kvaliteten i opplæringa vert skildra som dilemma knytt til læring i ein-til ein situasjonar. Elevane med Downs syndrom har mykje vaksenstøtte i skulekvardagen, noko som også kan gå på kostnad av deltaking i klassefellesskapen og utvikling av sjølvstendedugleikar. På den andre sida skildra aktørane det som kvalitet for det faglege utbyttet at elevane får lære i ein- til ein situasjonar på eige læringsrom. Funn som står i motsetnad til kvarandre peikar på ulike erfaringar med kvaliteten i læringstilboda som elevane har på læringssenter utanfor skulen. I case II vert det ikkje erfart som tilstrekkeleg for eleven si læring. Det motsette er å finn i case I der aktørane erfarer læringssenteret som utviklande for eleven si læring | nn_NO |
dc.description.abstract | Summary
The intention of this study is to look at parents and teachers experiences of the quality of education for children with Down syndrome. Earlier studies (Bachmann, Haug, & Nordahl, 2006; Nordahl, et al., 2018; Atasoy & Sevim, 2018) reported that quality of education is not satisfying for pupils with intellectual disabilities.
The research question this master thesis addresses is: o How do participants around pupils with Down syndrome experience quality of education?
Taking the research question into consideration, a qualitive approach was used. Three interviews and one focus group are the two methods used for data collection. The study is designed as an «Exploratory Two-sited Case Study». The cases explore how participants around the pupils with Down syndrome experience the quality of education.
Participants of case I are Mikkel’s mother and a special education teacher. Participants of case II are Amanda’s mother, a special education teacher and a tutor. According to earlier studies, the quality of education can be improved if schools follow an inclusive practice (Florian & BlackHawkins, 2011; UNESCO, 1994; Bachmann & Haug, 2006). Inclusion means that all students have the right to education of high quality in neighbourhood schools, despite learning difficulties (Mitchell, 2005).
In this study, the focus is on Haug’s (2014) aspects of how to establish inclusion in schools. The aspects are described as increasing fellowship, participation, democracy and benefit for all pupils.
Findings suggest that teachers experience quality of education when the student achieving education goals written in the individual education plan. Quality of education is experienced when education motivates learning and when individual needs are met and understood from a developmental perspective. What challenges this work are understood to be learning in one-to one setting. The pupils with Downs syndrome have support by adults, something that is understood to be challenging for development of independents. On the other side participants experience quality of education when theoretical learning is given in one-to one setting, in own learning rooms. Conflicting findings suggest different experiences of the benefit and quality of education when organised outside of the mainstream school. In case II it is not experienced as benefit for the pupil. In contrast, participants of case I experiences it as benefit for the student | en |
dc.language.iso | nno | |
dc.publisher | Høgskulen i Volda | nn_NO |
dc.title | Korleis erfarer aktørar kring elevar med Downs syndrom kvalitet i opplæringstilboda? Eit utforskande Two-sited Case Study om foreldre - og lærarar sine erfaringar med kvalitet i opplæringstilboda for to elevar med Downs syndrom | nn_NO |
dc.title.alternative | Korleis erfarer aktørar rundt elevar med Downs syndrom kvalitet i opplæringstilboda? | nn_NO |
dc.title.alternative | Erfart kvalitet i opplæringstilbodet for to elevar med psykisk utviklingshemming. Eit foreldre- og lærarperspektiv | nn_NO |
dc.type | Master thesis | en |
dc.rights.holder | forfattaren | nn_NO |
dc.subject.nsi | VDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Spesialpedagogikk: 282 | nb_NO |
dc.source.pagenumber | 101 | |
dc.relation.project | NSD 940411 | |