Legitimt leiarskap
Abstract
Samandrag
I 2002 vart Sjukehusreforma med etablering av 5 regionale og 47 helseføretak i Norge innført, og førte til endringar i struktur, innhald og mål for sjukehusa. Ynskje om modernisering og effektivisering av offentleg sektor var i hovudsak bakgrunnen for reforma, og New Public management med styringsprinsipp frå den private marknaden har hatt stor innverknad. Reforma fekk også konsekvensar for mellomleiarar i sjukehusa.
Profesjonalisering av leiarskap har betydd personleg ansvar for mål ,budsjett og aktivitetsmål for mellomleiarane. Målet med oppgåva er å sjå på faktorar som verkar inn på legitimiteten til leiingsfunksjonen for mellomleiarar i Helse Møre og Romsdal sett frå mellomleiarane sitt perspektiv. Undersøkinga er ei kvalitativ undersøking med 8 informantar , og eit stategisk utval av mellomleiarar frå ulike klinikkar i Helse Møre og Romsdal.
Tilbakemeldingar frå mellomleiarane syner at kvardagen som mellomleiar inneheld i stor grad oppfølging av aktivitetsmål, budsjett og rapporteringar oppover i systemet, og leiingsfunksjonen vert i hovudsak administrasjon. Mellomleiarane må stadig forhalde seg til nye endringar, omorganiseringar, og fagleg utvikling og arbeid med visjonar får lite plass.
Leiing og leiarskap vert prioritert i mindre grad enn mellomleiarane ynskjer. Sjukehusreforma med nye lover, overordna mål og organisering viser seg å ha stor innverknad på leiingsfunksjonen for mellomleiarane i Helse Møre og Romsdal. Opplæring og oppfølging av mellomleiarane, i tillegg til støttefunksjonar til hjelp i dagleg drift, er noko av det leiarane etterspør for å få ein betre kvardag som mellomleiar. Resultatet av undersøkinga syner at mellomleiarane står i mange dilemma som gir utfordringar i høve legitimt leiarskap. Summary
In 2002 the Hospital Reform (Sjukehusreforma) was established, with five regions and 47 health facilities, leading to changes in structure, contents and goals for hospitals in Norway. The main incentive for the reform was to streamline the public sector according to New Public Management principles, and the private sector model has influenced the reform to a large extent. Middle management at the hospitals was affected by the reform.
Through professionalization, middle management was made personally responsible for targets, budgets and activity goals. The purpose of this assignment is to study factors that affect the legitimacy of middle management’s leadership functions at Helse Møre og Romsdal, seen from the perspective of middle management itself.
This is a qualitative report based on interviews with eight informants, and a strategic selection of middle management staff from various health facilities in Helse Møre og Romsdal. Feedback from middle management indicates that daily tasks involve following up activity goals, budgets and reports to the higher-ups, and that leadership in general becomes administration. Middle management constantly needs to adapt to various types of restructuring and updating, whilst there is little time to attend to plans and visions.
Leading and leadership is not as much of a priority as middle management would have wished. The hospital reform with its new laws, overall goals and organisation turns out to affect the leadership function of Helse Møre og Romsdal middle management to a large extent. Middle management have requested more training and auxiliary support to the daily running of their facilities, among the things they believe could improve their work environments. The result of the investigation demonstrated that middle management faces many dilemmas that provide challenges relating to the legitimacy of leadership