Kulturarven som ressurs. Korleis nyttar Stad kommune kulturarven som ressurs for å skape attraktive lokalsamfunn?
Bachelor thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2723175Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bacheloroppgåva vil sjå på korleis kulturarv kan bli nytta som ressurs i lokal planlegging for å skape meir attraktive samfunn. Underspørsmåla tar sikte på å finne svar på Stad kommune sine målsetningar for kulturarven, praktisering av desse og om dette gir eit positivt tilskot for lokalsamfunnsutviklinga. Det blir gjort greie for kva omgrepet kulturarv er og korleis planlegging til det har utvikla seg. Samt at diskursive tilnærmingar skal spisse inn kva styrker Stad har i høve attraktivitet. Gjennom denne teksten vil lesaren sjå at kulturarv vil krevje brei medverknad og langsiktig planlegging.
Det kan ligge sterke kjensle for korleis t.d. eit kulturminne blir forvalta, og Stad er ingen unntak. Identitet er ei medverkande faktor for stadattraktivitet, og kommunen planlegg å framheve kulturen og landskapet i sitt territorium. Dette kjem til syne i plandokument som kommunedelplanar for kulturarv og strategidokument. Førstnemnte blei til før kommunereforma. Tidlegare var dette to kommunar med namnet Selje og Eid. Dei gamle kommunane har skilt seg på si ressursbruk av kulturarven. Dette kjem godt til syne gjennom intervju med kommunalt tilsette med tilknyting til dei gamle kommunane.
Mot slutten rettast det fokus på diskursane. Det vil kome fram at Stad ynskjer å byggje fellesskap gjennom samskaping, men at det krev engasjement frå lokal-samfunna. Derfor er det rimeleg å forvente at Stad ynskjer attraktivitet basert på autonomidiskurs. Likevel er der noko trekk av bustadiskursen som også gjer seg gjeldande.