"For dagane går opp og ned og det er normalt at det svingar". Korleis kan lærarar oppleve å gjere seg nytte av eit kurs om psykisk helse i skulen gitt som undervisning til elevane av eksterne kurshaldarar?
Abstract
Barn og unge skal kunne møte dei utfordringane livet byr på og skulen er ein viktig arena for å lære å meistre liv og helse. God psykisk helse er mellom anna eit av dei områda som skal ruste barn og unge til å bere motgang og kriser. Førebyggande innsatsar løner seg menneskeleg og samfunnsøkonomisk (Høybråten, 2003). Psykisk helse som ein del av Folkehelse og livsmestring i Overordna del av læreplanen, skal arbeidast med som tverrfagleg tema i faga der det er relevant (Kunnskapsdepartementet, 2017).
Det finnast mykje forsking på området psykisk helse i skulen, både om førekomst, risikofaktorar og såkalla evidensbasert program ein kan nytte (Jorm, 2011; Wear & Nind, 2011). Arbeid med psykisk helse i skulen krev at det leggast til rette for dette gjennom å gi lærarar den kompetansen dei treng (NOU 15:2, 2015). Læraren må oppleve at arbeidet blir lagt til rette gjennom rammefaktorar og støttande lag rundt seg (Ekornes, 2018; Sunnevåg, 2009; Borg, Christensen, Fossestøl, & Pålshaugen, 2015). Lærarane opplever å ikkje ha tilstrekkeleg kompetanse for å kunne jobbe med psykisk helse og dei manglar tid og ressursar til arbeidet (Holen & Waagene, 2014).
Ei rekke program og kurs kan nyttast i arbeidet med det spesifikke området psykisk helse i skulen, mellom anna det kurset det her blir forska på. Det har blitt gitt som ei undervisningspakke for ungdomsskulane i Ålesund kommune der eksterne kurshaldarar, med kompetanse, har halde kurs for elevane. Denne undersøkinga vil forsøke å gi svar på følgjande problemstilling: Korleis kan lærarar oppleve å gjere seg nytte av eit kurs om psykisk helse i skulen gitt som undervisning til elevane av eksterne kurshaldarar?
Studien er basert på svar frå to relativt små fokusgruppeintervju. Fire områdekategoriar utkrystalliserte seg som det lærarane var opptekne av i gruppediskusjonane; Kompetanse, Etterbruk, Administrative støttesystem og Aktualitet. Funn tydar på at kurset har gitt lærarane, elevane, foreldra og skulane ny kompetanse omkring å ha felles språk og omgrep i arbeidet med tema. Deltakinga og arbeidet omkring gjennomføringa av kurset, har ført til ei form for normalisering og nedtoning av tabu, Lærarane synes kurset og effektane av det er positive, men kjenner seg ikkje kompetente til å gjennomføre det sjølve basert på eit tilgjengeleg manus. Lærarane ser mest på at dei kan arbeide med tema gjennom faga. Summary
Children and youth should be able to handle challenges, and school is an important arena for learning how to master life. Good mental health is one of the factors that will help equip children and youth to better face adversity and crises. Preventive measures can be beneficial both in human, and economic perspectives (Høybråten, 2003). Mental health as part of public health and life-skills in the overall curriculum in Norwegian schools, will be incorporated as an interdisciplinary topic in subjects where relevant (Kunnskapsdepartementet, 2017).
There is a lot of research about mental health in schools, both regarding prevalence, risk factors and benefits of evidence-based programs (Jorm, 2011; Wear & Nind, 2011). For mental health to be successfully implemented as a topic in schools, it requires this being facilitated by giving teachers the competence they need (NOU 15:2, 2015). Teachers must experience that the work is facilitated through their framework and supportive teams (Ekornes, 2018; Sunnevåg, 2009; Borg, Christensen, Fossestøl, & Pålshaugen, 2015). Teachers often report that they neither have competence nor time and resources enough to work with mental health in school (Holen & Waagene, 2014).
Several programs and courses can be used when working with mental health in school, including the course being researched here. The entire course has been provided for schools in Ålesund municipality where external course providers, with expertise, hold courses for students age 13-15 years. This study will attempt to provide answers to the following question: How can teachers experience the benefits of a course on mental health in the school taught to the students by external course providers?
The study is based on responses from two relatively small focus group interviews with teachers. Four categories seemed important during the group discussion: Competence, Post-Use, Administrative Support System and Timeliness. Findings indicate that the course gave teachers, pupils, parents and schools new competence in the form of having a common language in daily work with mental health. The participation and work with the implementation of the course, has helped weaken taboos, and led to a form of normalization of mental health topics. Teachers do not feel for carrying out the course themselves based on an available script. They mostly see that they can work with mental health through the subjects.