“…det som vi alle føler vi skylder Finland”. Finlandsambulansen. Foreningen Norden og Norges Røde Kors sitt krigssjukehus i Finland under Vinterkrigen 1939 - 1940
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2724548Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Kulturmøte [51]
Sammendrag
Denne oppgåva tek føre seg den såkalla Finlandsambulansen. Dette var Foreningen Norden og Norges Røde Kors sitt krigssjukehus i Finland under den finsk-sovjetiske krigen i 1939 –1940, seinare kjend som Vinterkrigen. Krigen vakte eit voldsomt engasjement, og ei bølgje av solidaritet med Finland både i Norden, i Europa og verda elles. Eg undersøker den historiske konteksten og humanitære tradisjonen som ambulansen verka innanfor. Oppgåva gjer dessutan greie for krigens bakgrunn og forløp, og undersøker også kva det var ved denne konflikten som utløyste det sterke engasjementet for Finland og det finske folket i den norske opinionen, og korleis dette engasjementet kom til uttrykk i norske aviser. Oppgåva gjer elles greie for sentrale trekk ved Røde Kors- og sjukepleierske-kulturen som kan ha bidrege til å motivere ikkje minst Røde Kors- søstrene til innsats i Finland. Den går også nærare inn på kven dei var, desse kvinnene som drog, kva bakgrunn dei hadde
Vidare viser oppgåva korleis ambulansen kom i stand, og korleis den praktiske etableringa og gjenomføringa gjekk føre seg i Finland. Ambulansen drog for å hjelpe Finland og såra finske soldatar. Denne partiske involveringa vert problematisert og spegla mot filantropiske ideal frå Røde Kors-rørsla sin barndom, som til dømes nøytralitet på slagmarka og grenseoverskridande universalisme. Dette, saman med ønsket om vere ein fredsorganisasjon, var ideal som framleis var ein stor del av fundamentet for Røde Kors si eiga sjølvforståing. Samtidig argumenterer oppgåva for at Finlandsambulansen gjekk inn i ein tydeleg tradisjon som gjorde seg gjeldande i mange nasjonalforeiningar alt i opptakta til første verdskrigen, nemleg ei stadig sterkare vektlegging av nasjonalisme og patriotisme på kostnad av dei nettopp nemnde ideala. Oppgåva ser også på korleis sentrale initiativtakarar og deira eigne erfaringar frå den finske borgarkrigen i 1918 kan ha bidrege til deira sterke engasjent for å hjelpe Finland Summary
The subject of this thesis is the so called Finlandsambulansen. This was the Norwegian Red Cross‟ war hospital established in Finland during the Russo-Finnish Winter War 1939 – 1940.The War was met with stark reactions, and the sympathy and solidarity for Finland and its cause was very strong in Norway and the other Nordic countries. The thesis investigates the historical context and humanitarian tradition the Norwegian ambulance acted within, as well as describing the war itself and its background The study also has a broad approach to the Red Cross culture and the society of the Norwegian Red Cross sisters who were part of the ambulance‟s personnel, their ethics and view of life – and how these factors may have motivated their wish to serve in Finland. It also looks into their social background etc.
In addition to this, the thesis describes how the mbulance was organized and deployed in Finland, and how it operated on the Finnish side. This is discussed in the context of the the ideals og neutrality and universalism on which the Red Cross movement was based on in its early days. On the same time, the thesis shows that Finlandsambulansen was a part of a a tendency where many national societies of the red Cross movement turned to become more nationalistic and patriotic during the years prior to and during the First World War. The thesis also looks into central leaders of the war hospital and how their experiences from the Finnish civil war in 1918 may have connections with their desire to help the country again in l939.