• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Høgskulen i Volda
  • Bacheloroppgåver
  • Sosialt arbeid – barnevernspedagog/sosionom
  • View Item
  •   Home
  • Høgskulen i Volda
  • Bacheloroppgåver
  • Sosialt arbeid – barnevernspedagog/sosionom
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Traumer, håp og kjærleik – å møte einsleg mindreårige flyktningar

Solheim, Kine
Bachelor thesis
Thumbnail
View/Open
bachelor_SolheimK.pdf (958.6Kb)
URI
https://hdl.handle.net/11250/2731167
Date
2015
Metadata
Show full item record
Collections
  • Sosialt arbeid – barnevernspedagog/sosionom [6]
Abstract
Einsleg mindreårige flyktningar er ei sårbar og utsatt gruppe. Dei står ovanfor ei stor utfordring når dei skal tilpasse seg eit liv i eit framand land. Både tida i heimlandet, på flukt og det nye livet i eksil vil vere med å prege den enkelte sin integreringsprosess. Det desse einsleg mindreårige flyktningane har til felles er at dei har opplevd store tap av nære tilknytnings- og omsorgspersonar. Dei har svært ofte vore gjennom vonde og traumatiske opplevingar både før, undervegs og etter flukta til Noreg. I omsorga for desse borna står sosialt arbeid som profesjon sentralt, då fyrste møtet ofte vil vere på ein flyktningsinstitusjon. Det er difor naudsynt at ein brukar den faglege kompetansen og kunnskapen ein har til å hjelpe desse einslege mindreårige flyktningane i overgangen til det «nye» livet. Dette kan vere mellom anna basiskunnskap som inngår i sosialarbeidarrolla og kunnskap om traumereaksjonar og kva dei ulike einsleg mindreårige flyktningane kan ha vore gjennom. Sjølv om mange av dei unge flyktningane som kjem til Noreg har ei traumatiske fortid, ser ein at der alltid er nokre som klarar seg betre enn andre. Resiliensomgrepet viser i oppgåva at nokre unge flyktningar kan handtere kriser og påkjenningar på ein positiv måte. Teori rundt resiliens viser også at ein viktig beskyttelsesfaktor er kjensla av å meistre. I eit nytt land, med mykje nytt å lære seg, språkleg og sosialt, kan ein oppleve å ikkje strekkje til. Dersom vi som sosialarbeidarar kan klare å hjelpe desse unge til å meistre til dømes sosiale ferdighetar vil dette kunne ha ein reseliensfremja effekt. Det å ha fokuset retta mot mennesket sin styrke, og der tanken er at ved å ha eit ressursorientert fokus, bør ein studere teoriar bygt på mellom anna meistring, resiliens og relasjonsbygging. Dette har vist seg å vere vellukka faktorar i ein integreringsprosess. Nyare forsking har også vist at kjærleik kan vere ein behandlingsstrategi i sosialt arbeid.
Publisher
Høgskulen i Volda

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit