Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFagereng, Tor-Eivind Eie
dc.coverage.spatialNorwayen_US
dc.coverage.temporal2019-2020
dc.date.accessioned2021-04-22T12:53:57Z
dc.date.available2021-04-22T12:53:57Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2739178
dc.description.abstractSamandrag Denne studien undersøker i kva grad dei steile frontane i den norske vindkraftdebatten heng saman med maktrelasjonane mellom aktørane i debatten Fire utvalde tekstar frå to av aktørane i debatten vert analyserte med utgangspunkt i Norman Fairclough sin kritiske diskursanalyse. Vindkraftdebatten representert ved dei fire tekstane, vert vidare sett opp mot Jürgen Habermas’ modell for den ideelle samtalen. Funna i studien bidreg i stor grad til å stadfesta at makttilhøva påverkar debatten. Vidare støttar funna opp om at dei steile frontane i debatten vert sementerte ved at aktørane nyttar ulike diskursar med låg interdiskursivitet. Tekstane eksponerer generelt liten vilje frå aktørane til å gå i møte med argumentasjon frå meiningsmotstandarane. Gjennom å hovudsakleg nytta sine eigne diskursar verkar begge aktørane å bidra til å stadfesta motsetnadane i debatten. Både vindkrafttilhengarar og - motstandarar nyttar diskursar som i liten grad tek opp i seg trekk frå dei konkurrerande diskursane. Debatten verkar dermed å handla om å syna avstand til den andre parten, ikkje å faktisk lytta til og argumentera mot motstandaren sine standpunkt. Slik fungerer ikkje debatten som ein reiskap for å oppnå omforeinte løysingar Energilova sitt overtak på Plan- og bygningslova bidreg til at vindkrafttilhengarane kan oppretthalda diskurshegemoniet. Makttilhøva mellom vindkraftmotstandarar og -tilhengarar gjer at Norsk Vind ikkje ser det naudsynt å svara på Motvind sine argument. Ubalansen vert stadfesta gjennom Motvind sine diskursar som ber preg av at dei oppfattar seg sjølv som underlegne. Gjennom stiftinga av Motvind har vindkraftmotstandarane klart å gjera diskursane sine synlege, og slik har dei byrja å utfordra diskurshegemoniet. Det er likevel grunn til å tru at det må koma ei endring i tilhøvet mellom Energilova og Plan- og bygningslova for å oppnå balanse i maktrelasjonane. Fyrst då vil debatten kunna føra til omforeinte løysingar på spørsmåla om korleis vindkraftutbygging skal handterast. Ein vindkraftdebatt der det ikkje er semje om kva som skal drøftast vil ikkje kunna føra til semje. Debatten kan likevel ha ein funksjon i å setta problematiske samfunnstilhøve på dagsorden. I dette perspektivet kan Motvind sjå ut til å ha lukkast med å setta ulempene med vindkraftutbygging på agendaen. Dei steile frontane som har oppstått kan dermed tvinga fram politiske endringar, som igjen kan forskyva makt, og gjera kampen om diskurshegemoniet meir balansertnn_NO
dc.description.abstractThis study examines the extent to which the rigid standoff in the Norwegian wind power debate is related to the power relations between the actors in the debate. Four selected texts published by two of the actors, Norsk Vind and Motvind, were analysed on the basis of Norman Fairclough's critical discourse analysis. The wind power debate, represented by the four texts, is also held up against Jürgen Habermas' theory of the ideal speech situation. The findings greatly contribute to confirming that the balance of power affects the debate. Furthermore, the findings support that the rigid standoff in the debate is cemented by the actors using different discourses with low interdiscursivity. The texts generally expose little willingness from either side to meet arguments from the opponent. By mainly using their own discourses, both actors contribute to confirming the contradictions in the debate. Both Norsk Vind and Motvind use discourses that barely absorb features from the competing discourses. The debate thus seems to be about distancing oneself from the other party, instead of actually listening to and arguing against, the counter-debaters. The debate is thus no longer a tool for achieving agreed solutions. The Energy Act's dominant position towards the Planning and Building Act contributes to the wind power supporters being able to maintain the discourse hegemony. The balance of power between opponents and supporters of wind power means that Norsk Vind does not see the necessity in responding to Motvind'sarguments. The imbalance is confirmed through Motvind's discourses, which show signs of Motvind perceiving themselves as inferior. Through the founding of Motvind, the wind power opponents have managed to make their discourses visible, thus challenging the discourse hegemony. Nevertheless, in order to achieve a more balanced power relation, a change in the relationship between the Energy Act and the Planning and Building Act seem necessary Only then will the debate lead to agreed solutions in the questions of how wind power development should be handled. A wind power debate where the parties don’t agree on what to discuss, will most likely never lead to an agreement. The debate may nevertheless have a function in bringing to light problematic societal issues. In this perspective, Motvind may seem to have succeeded in putting the disadvantages of wind power development on the agenda. The arisen rigid standoff can thus force political changes, which in turn can shift power, and make the discourse hegemony struggle more balanceden_US
dc.language.isonno
dc.publisherHøgskulen i Voldann_NO
dc.subject.otherNorsk Vind ASno_NO
dc.subject.otherMotvind Norgenb_NO
dc.titleKraftig vind med storm i kasta. Ein kritisk diskursanalyse av vindkraftdebatten i Noregnn_NO
dc.title.alternativeI kva grad heng dei steile frontane i vindkraftdebatten saman med maktrelasjonane mellom aktørane?nn_NO
dc.typeMaster thesisen_US
dc.rights.holderforfattarennn_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Urbanisme og fysisk planlegging: 230::Bebyggelses‑ og reguleringsplanlegging: 234en_US
dc.subject.nsiVDP::Teknologi: 500::Maskinfag: 570::Maskinteknisk energi- og miljøteknologi: 573en_US
dc.source.pagenumber109en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel