dc.contributor.advisor | Gamlem, Siv Therese Måseidvåg | no_NO |
dc.contributor.author | Vedeld, Sunniva Velle | no_NO |
dc.coverage.spatial | Norway | en_US |
dc.date.accessioned | 2021-08-23T08:57:32Z | |
dc.date.available | 2021-08-23T08:57:32Z | |
dc.date.issued | 2021 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/2770693 | |
dc.description.abstract | Samandrag
Formålet med denne studien har vore å undersøkje korleis tre digitale lærebøker gjev rom for differensiering gjennom korleis leseopplæringstekstane i begynnaropplæringa er oppbygd. Problemstillinga er:
«Korleis er leseopplæringstekstane i tre digitale lærebøker i begynnaropplæringa oppbygd med tanke på differensiering?»
For å presisere dette spørsmålet har eg utforma fire delspørsmål, desse er: 1) Korleis er grafemprogresjonen, og kor mange grafem blir brukt i leseopplæringstekstane? 2) Korleis vert ord, stavingar og setningar representert i leseopplæringstekstane, og korleis kjem dette til syne som ein progresjon for leseutviklinga? 3) Korleis er leseopplæringstekstane sett saman med illustrasjonar, bilete og plassering av tekst? 4) Kva er kjenneteikn ved innhaldet til leseopplæringstekstane på dei ulike differensieringsnivåa?
Studien blei gjennomført som ein dokumentstudie. Det blei nytta både ei kvalitativ og ei kvantitativ innhaldsanalyse som metode. Her har eit utval av leseopplæringstekstar til dei digitale lærebøkene for første steg til Skolen (Cappelen Damm), Fabel (Aschehoug Univers) og Salto (Gyldendal) blitt analysert.
Resultata viser at lærebøker legg opp til ein ulik progresjon, og at ein ikkje kan seie at ei lærebok er betre enn andre med omsyn til moglegheiter for differensiering. Dei tre digitale lærebøkene har nokre ulike fokusområder i oppbygginga av leseopplæringstekstane. Dette gjer at ein har ulike rom for å kunne differensiere leseopplæringstekstane i begynnaropplæringa. | nn_NO |
dc.description.abstract | Abstract
The purpose of this study is to investigate how three digital textbooks allow for differentiation through how the reading training texts in beginner training are structured.
The main research question is: “How are the reading training texts in three digital textbooks in beginner training structured with differentiation in mind?”
To clarify this question, I have designed four sub-questions, these are: 1) “How is the grapheme progression and how many graphemes are used in the reading training texts? 2) How words, spellings, and sentences are represented in the reading training texts, and how does this appear as a progression for the reading development? 3) How are the reading training texts compared to illustrations, pictures and placement of text? 4) What are the characteristics of the content of the reading instruction texts at the different levels of differentiation?”
The study was conducted as a document study. Both a qualitative and a quantitative content analysis was used as a method. Here, a selection of reading training texts for the digital textbook for Skolen (Cappelen Damm), Fabel (Aschehoug Univers) and Salto (Gyldendal) have been analysed.
The result show that there is not a textbook that is better that the other, but they add up to a different progression. The three digital textbooks have several different focus areas in the structure of the reading training texts. This means that one has different spaces to be able to differentiate the reading training texts in the beginner training | en_US |
dc.language.iso | nno | |
dc.publisher | Høgskulen i Volda | nn_NO |
dc.title | Leseopplæringstekstar og rom for differensiering. Ein studie av leseopplæringstekstar i tre digitale lærebøker for 1.steg | nn_NO |
dc.title.alternative | Korleis er leseopplæringstekstane i tre digitale lærebøker i begynnaropplæringa oppbygd med tanke på differensiering? | nn_NO |
dc.title.alternative | How are the reading training texts in three digital textbooks in beginner training structured with differentiation in mind? | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.rights.holder | forfattaren | nn_NO |
dc.subject.nsi | VDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Fagdidaktikk: 283 | nb_NO |
dc.subject.nsi | VDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Allmennpedagogikk: 281 | nb_NO |
dc.subject.nsi | VDP::Humaniora: 000::Språkvitenskapelige fag: 010::Anvendt språkvitenskap: 012 | nb_NO |
dc.source.pagenumber | 115 | |