Kommunal handlingskapasitet. Erfaringar med ein modell for samarbeidsdriven planlegging og innovasjon.
Abstract
Då eg var planleggar i ein kommune på slutten av sytti-talet, var den dominerande tenkinga at planlegginga skulle vere lineær og ekspertdriven. Det innebar at planlegginga blei rekna som ein fagleg aktivitet der planleggarane i samarbeid med eit planutval utarbeidde ein ferdig plan før han blei sendt på høyring og deretter lagt fram for politikarane med tilråding om å vedta han slik han var utforma. Når planen var vedteken, ofte med nokre små endringar, blei det forventa at alle slutta opp om den, og at alle bidrog til at han blei gjennomført. Svært ofte opplevde vi som planleggarar at planane våre blei godt mottekne, men arkivert, gjømt og gløymt. Dette skjedde sjølv om vi som planleggarar opplevde å få skryt frå kollegar for å ha laga fagleg sett gode planar. Situasjonen blei oppfatta som lite tilfredsstillande både for oss som planlagarane og for kommunane. Vi starta difor å leite etter andre måtar å jobbe på. Eg gjekk etter tre år som planleggar over til akademia, og har halde fram med leitinga frå den posisjonen.
Den er no mange tiår sidan at denne oppfatninga dominerte både i teori og praksis hos planleggarane. Planlegging som aktivitet blei i akademia definert som førebuing til handling, og sjølve handlingane var ikkje ein del av planprosessen. I ettertid har nye tankar om planlegging kome til, men dessverre heng den tradisjonelle forståinga og praktiseringa igjen hos mange. Dette gjeld ikkje minst på det umåteleg viktige området berekraftig utvikling. Her er det for tida meir enn nok av planar og utgreiingar med kunnskap om kor dårleg det står til med jordkloden vår. Det er nok å nemne krisene klima, plast i havet, gift i maten og pandemiar. Det vi ser er at trass i all denne kunnskapen, blir ikkje nødvendige og tilstrekkelege tiltak gjennomført for å rydde opp i krisene.
Kommunar og fylkeskommunar skal etter plan og bygningslova fremme både berekraftig utvikling og folkevald styring med brei deltaking. I dette arbeidet må dei handtere mange problem i samfunnet som både er komplekse og gjenstridige, som til dømes psykisk og fysisk folkehelse, overforbruk og ureining av naturen og finansiering av offentleg sektor. Felles for desse problema er at dei involverer mange aktørar både når det gjeld å definere problema og det å løyse dei, og at mange aktørar berre har ansvar for delar av problema. For å handtere desse problema må mange aktørar samarbeide i planleggingsprosessar for å fremme dei heilskaplege og berekraftige løysingane. Det vi ser er at mangel på forpliktande samarbeid inneber at handlingar uteblir sjølv om planar er vedtekne. Oppsummert kan ein seie at utfordringane skal handterast politisk, prosessen er planlegging og organisasjonsforma er partnarskap.