Det tredje rommet - Korleis kan partnarskap i lærarutdanninga fungere som eit lærande fellesskap? Ei kvalitativ undersøking av lærarutdanningssamarbeidet ved Høgskulen i Volda i lys av organisasjonsteori
Master thesis
View/ Open
Date
2021Metadata
Show full item recordCollections
- Samfunnsplanlegging [69]
Abstract
Tema for dette forskingsarbeidet er partnarskapssamarbeid mellom universitet/høgskular og praksisskular, og det er her tatt utgangspunkt i det konkrete partnarskapssamarbeidet ved Høgskulen i Volda.
Hovudmåla for arbeidet med partnarskap er å styrke kvaliteten på utdanninga og særleg å auke praksisrelevans for studentane i lærarutdanninga, ved å minke gapet mellom campusundervisning og praksisopplæringa. Det blir i denne studien tatt utgangspunkt i partnarskapssamarbeidet med to av LU-skulane som Høgskulen i Volda har avtale med, og det blir undersøkt korleis dette partnarskapssamarbeidetfungerer som eit lærande fellesskap.
Forskingsarbeidet har to teoretiske referanserammer: partnarskapsforsking og organisasjonsteori. Partnarskapsforskinga er viktig overbygnad for å få innsikt i kva som kjenneteiknar velfungerande partnarskap. Organisasjonsteori blir brukt for å belyse partnarskapssamarbeidet, og her vil teoriane knytt til SEKI-modellen til Nonaka og Takeuchi vere sentrale. Også Senge sine teoriar om lærande organisasjonar er her ei viktig forståingsramme for partnarskap som lærande fellesskap.
Med utgangspunkt i det konkrete partnarskapssamarbeidet ved Høgskulen i Volda, har egundersøkt problemstillinga “Det tredje rommet - Korleis kan partnarskap i lærarutdanninga fungere som eit lærande fellesskap?
“ For å belyse problemstillinga har eg prøvd å gje svar påfire forskingsspørsmål gjennom prosessen:
− Kva er viktig for at deltakarane i partnarskapssamarbeidet kan oppleve seg som jambyrdige?
− Korleis heng strukturar saman med kvaliteten på partnarskapssamarbeidet?
− Korleis heng oppslutning om felles mål saman med kvaliteten på partnarskapssamarbeidet?
− Korleis kan organisasjonsteori gje ei betre forståing for arbeidet med partnarskap som lærande fellesskap?
Forskingsarbeidet har hatt ei konstruktivistisk forståingsramme som utgangspunkt, der forståing står sentralt og fungerer som eit persepsjonsfilter for observasjonane ein gjer. Arbeidet kan seiast å ha eit teoretisk tolkande forskingsformål, der teoriar og faglege omgrep frå forsking om partnarskap og organisasjonsteori har blitt brukt for å analysere og gje meining til partnarskapssamarbeidet ved Høgskulen i Volda spesielt, og samstundes seie noko om partnarskapssamarbeid som lærande fellesskap generelt. I tråd med det teoretisk tolkande formålet, har det vore naturleg å bruke casedesign i denne studien.
Gjennom ei kvalitativ intervjustudie, har det med utgangspunkt i ei hermeneutisk forskingstilnærming vore eit mål å forstå informantane sine perspektiv knytt til partnarskap som lærande fellesskap.
Resultat frå forskingsarbeidet viser at det er sider ved partnarskapssamarbeidet som fungerer godt og som bør vidareførast, og at det er sider som har forbetringspotensiale der endringar bør vurderast.
Funna er sett i lys av forsking på partnarskap og organisasjonsteori for å betre forstå kva som er viktig for partnarskap som eit lærande fellesskap og for å kunne setje informantane sitt perspektiv inn i ein større samanheng. The topic of this investigation is partnership collaboration between universities/university colleges and practice schools, based on the specific partnership collaboration at Volda University College. The main aim of this study of partnership, is strengthening the quality of the education, and particularly enhance the practice relevance for the students in the teacher training programme, by decreasing the gap between the campus instruction and the practice schooling.
In this study, the point of departure will be the partnership collaboration with two of the teacher training schools (LU schools) that Volda University College collaborate with, and it will be investigated how this partnership collaboration works as an educational community. The research has two theoretical reference frames: partnership studies and organizational theory. The partnership studies are important superstructures to gain insight into what characterizes an efficient partnership. Organizational theory is being used to shed light on the partnership collaboration, and the theories regarding Nonaka and Takeuchi’s SEKI model will a central element. In addition, Senge’s theories about educational organizations are an important framework to gain understanding of partnership as an educational community.
Based on the concrete fellowship collaboration at Volda University College, I have investigated the thesis question: “The Third Room – How does partnership in the teacher training programme work as a learning community?” To illustrate the thesis question, I aim to respond the four following questions during this process:
− What is important to make the participants in the partnership collaboration experiencethemselves as equals?
− How do the structures cohere with the quality of the partnership collaboration?
− How does the support of common goals cohere with the quality of the partnership collaboration?
− How does organizational theory give a better understanding of the work with partnership as a learning community?
The investigation has a constructivist framework of understanding as the point of departure,where preconception is central and works as a filter of perception for the given observations. The thesis can be considered to have an investigation purpose of theoretical interpretation, where theories and technical terms from the studies of partnership and organizational theory have been employed to analyse and make sense of the partnership collaboration at Volda University College in particular, while at the same time elaborating on partnership collaboration as a learning community in general. In adherence to the purpose of theoretical interpretation, ithas been reasonable to use a case design in the study.
Through a qualitative interview study, with a hermeneutical investigation approximation as a starting point, it has been a goal to understand the perspectives of the informants regarding partnership as a learning community.
Results from the investigation show that there are sides of the partnership collaboration that arewell functioning and should be maintained, while there are sides that has potential of improvement which one should consider adjusting.
The findings are viewed in light of research on partnership and organizational theory to better the understanding of what is important to considered regarding partnership as a learning community, and to put the perspective of the informants into a bigger context.