Identitet, aktørskap og investering i andrespråkslæringa. Ein kvalitativ studie om bruk av tospråkleg fagopplæring i førebuande vaksenopplæring
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2992447Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Abstract
The purpose of this study has been to investigate what significance a bilingual, digital training program can have for adult primary school pupils' investment in second language learning.
Through eight qualitative in-depth interviews with students in Preliminary adult education, I hope to give voice to a group of students on which there is little research made in the Norwegian context.
Based on a dynamic resource perspective on multilingualism and a social constructivist view upon learning, I try to gain insight into how students experience and benefit from bilingual education.
Inspired by critical and poststructuralist theories of learning, I take a critical perspective on the social and ideological forces that come into play when an adult is to learn a new language in a new country.
I operationalize and explore the significance of identity, capital and ideology for participation and investment in second language learning, and thereby examines at the individual level how the participants position themselves in Norwegian society, both in and outside the classroom.
The participants in the study show great motivation to learn Norwegian, but still experience to varying degrees the opportunity to invest in and take part in the learning practices in the classroom.
The results from the study show that bilingual education can contribute to agency through mediation, and by enabling students to make use of their competences in the education. Simultaneously, it is made clear how the dialectical relationship between subject positions, imagined identities, ideologies in society and practices in the classroom, affects both the quality of the program, and the students' attitudes to and benefits of bilingual education.
It is hoped that this study can lead to increased reflection on the use of multilingual teaching practices in adult education, in light of the goal of increasing inclusion and social justice in education Samandrag
Formålet med studien har vore å undersøkje kva betydning eit tospråkleg, digitalt fagopplæringstilbod kan ha for vaksne, fleirspråklege grunnskuleelevar si investering i andrespråkslæringa.
Gjennom åtte kvalitative djupneintervju med elevar i Førebuande vaksenopplæring, har eg ønska å gi stemme til ei elevgruppe som det i norsk samanhang er forska lite på.
Med utgangspunkt i eit dynamiske ressursperspektiv på fleirspråklegheit og eit sosialkonstruktivistisk læringssyn, forsøkjer eg å få innblikk i elevane sine erfaringar med andrespråkslæringa, og korleis dei opplever og gjer seg nytte av den tospråklege opplæringa.
Inspirert av kritiske og poststrukturalisktiske teoriar om læring, inntek eg eit kritisk perspektiv på dei samfunnsmessige og ideologiske kreftene som spelar inn når eit vakse menneske skal lære eit nytt språk i eit nytt land. Eg operasjonaliserer og utforskar den betydinga identitet, kapital og ideologi har for aktørskap og investering i andrespråkslæring, og undersøkjer på individnivå korleis deltakarane posisjonerar seg i det norske samfunnet, både i og utanfor klasseromet.
Deltakarane i studien viser stor motivasjon for å lære norsk, men opplever likevel i ulik grad moglegheit til å investere i og ta del i læringsspraksisane i klasseromet.
Resultata frå studien viser at den tospråklege opplæringa kan bidra til aktørskap gjennom mediering og bruk av medbrakt kapital i opplæringa. Samstundes vert det tydeleggjort korleis det dialektisk forholdet mellom subjektposisjonar, førestilte identitetar, ideologiar i samfunnet og praksisar i klasseromma, påvirkar både kvaliteten på tilbodet og elevane sine haldningar til og utbytte av den tospråklege opplæringa.
Håpet er at denne studien kan føre til auka refleksjon rundt bruken av fleirspråklege undervisningspraksisar i vaksenopplæringa, i lys av målet om auka inkludering og sosial rettferd innanfor utdanning.