Ungdomar i lokaldemokratiet. Ein studie om deltaking i kommunedelsutval
Master thesis
View/ Open
Date
2022Metadata
Show full item recordCollections
- Samfunnsplanlegging [69]
Abstract
This study is taking a closer look at young people`s participation in sub-municipal democratic bodies. This is a local democratic scheme, introduced in the new Aalesund municipality after the amalgamation where 5 municipalities became one, January 2020.
The sub-municipal democratic bodies shall be a channel to voice the various municipal districts with the decision-makers. Target is to reduce the distance between the governed and the ruling parties, contribute to strengthening democracy, and safeguard the closeness between the inhabitants and the decision-makers in the new municipality. The members of the committee are citizens with political affiliation, volunteers, and young people under the age of 18. The scope is to contribute to reduce the space between the representative democracy and the inhabitants. In this way, it will facilitate participation from a broader population than the municipality manages to mobilize itself.
The master’s thesis focuses on young people`s experience as a member, related to experience in participation, and whether the committee contributes to mobilizing a group that is otherwise difficult to reach. The data basis is obtained through a qualitative method. 9 interviews were conducted with young representatives from 8 different parts of the municipality. The participants have been members of the sub-municipal democratic bodies for two years, and are now spring 2022, finishing their term.
Findings from the study shows the young members generally experience participation as positive, but not exclusively. This with experience from similar and who are generally socially engaged, seems to have an advantage. Those who lack the same experience find participation more challenging. The duality in the material indicates the need for measures to ensure a genuine opportunity for young people’s participation.
An important motivation for participation is to ensure young people having a say in local political decisions. Most young people are the only youth representative in the municipal district committee, which can be challenging because they lack peers in discussions. Those with experience from similar roles nevertheless seems to master the role as youth representative to a greater extent than those without. At the same time, the motivation among those without experience is different and to a greater extent linked to personal gain.
The young representatives experience the participation as educational and seem to be able to give them the competence and motivation to get involved in politics and in local communities at a later stage. Tema for denne studien er ungdomars deltaking i kommunedelsutval. Dette er ei nærdemokratisk ordning som vart innført i nye Ålesund kommune, etter kommunesamanslåinga der 5 kommunar vart til ei i januar 2020.
Kommunedelsutvala skal bidra til å gi dei ulike kommunedelane ei sterkare stemme inn mot til avgjerdstakarane, redusere avstanden mellom dei styrte og dei styrande, bidra til å styrke demokratiet, og ivareta nærleiken mellom innbyggjarane og avgjerdstakarane i den nye kommunen. Utvala er samansette av innbyggjarar med politisk tilknyting, frå frivilligheita og ungdomar under 18 år, og skal fungere i mellomrommet mellom det representative demokratiet og innbyggjarane. Slik skal den skal legge til rette for deltaking frå ei breiare innbyggjargruppe enn kommunen greier å mobilisere sjølv.
Masteroppgåva har fokus på ungdomane si oppleving av ordninga, deira erfaring knytt til deltakinga, og om denne ordninga bidreg til å mobilisere ei gruppe som elles er vanskeleg å nå.
Datagrunnlaget er innhenta gjennom kvalitativ metode. Det vart gjennomført 9 intervju med ungdomar frå 8 ulike kommunedelar. Ungdomane har vore medlemmar i kommunedelsutvala i 2 år og er i desse dagar, våren 2022, ferdig med si periode
Resultata frå studien viser at ungdomane stort sett opplev deltakinga som positiv, men det er ikkje utan unntak. Ungdomar som har erfaring frå liknande og er generelt samfunnsengasjerte ser ut til å ha ein fordel i deltakinga. Dei som manglar erfaring opplev deltakinga meir utfordrande. Dualiteten i materialet indikerer behov for tiltak som betrar ungdomar sine høve til reell deltaking i kommunedelsutvala.
Ein viktig motivasjon for deltakinga er å sikre dei unge si stemme inn i lokalpolitiske avgjerder. Dei fleste ungdomane er aleine i kommunedelsutvalet, noko som kan opplevast utfordrande fordi dei manglar jamaldringar å diskutere sakene med. Dei med erfaring frå liknande ser likevel ut til å oppleve at dei meistrar rolla som ungdomars representant i større grad enn dei utan erfaring. På same tid er motivasjonen blant dei utan erfaring annleis og i større grad knytt til personleg gevinst. Ungdomane opplev deltakinga som lærerik og ser ut til å kunne gi dei kompetanse og motivasjon til å engasjere seg i politikk og i lokalsamfunn ved eit seinare høve