Sikrar BSV-utdanningane kompetansebehova?
Abstract
Barnevernspedagog-, sosionom- og vernepleiarutdanningane utgjer BSV-utdanningane i Noreg. Sidan byrjinga på 1970-talet har det fleire gonger kome framlegg om å samordne BSV-utdanningane, for å sikre kompetansebehova betre i sektoren. Ved hjelp av ein survey blant dei som underviser i BSV-utdanningane, vert det i denne artikkelen undersøkt i kva grad utdannarane meiner tre utdanningar sikrar kompetansebehova. Hovudfunna er at utdannarane meiner det imøtekjem behovet for spesialisert kompetanse, nødvendig kompetansebredde og sikrar profesjonsidentitet, men meiningane varierer og vert i stor grad bestemt av utdanningsprogrammet dei underviser ved. Utdannarane ved barnevernspedagog- og vernepleiarutdanningane, i større grad enn sosionomutdannarane, meiner at modellen med tre utdanningar sikrar kompetansebehova.
Description
-