Nettbrett i literacypraksisar i 1. klasserom med høg kvalitet i lærar–elev-interaksjonar
Peer reviewed, Journal article
Published version
View/ Open
Date
2022Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Nordic Journal of Literacy Research. 2022, 8 (2), 106-124. http://doi.org/10.23865/njlr.v8.3903Abstract
Denne studien undersøker kor vidt og korleis nettbrett som ressurs kan bidra til kvalitet i literacy-praksisar i begynnaropplæringa i eit utval norske førsteklasserom. Studien er teoretisk forankra i ei sosiokulturell forståing av undervisning, språk og læring. Utvalet er selektert frå eit datasett på atten klasserom og består av dei fem klasseromma med høgast CLASS-K-3-skår på lærar–elev-interaksjonar. Videoobservasjon av undervisningstimar (n = 33) er analysert og transkribert gjennom ein kvalitativ innhaldsanalyse. Studien viser at det er lite aktiv samhandling mellom lærar og elev når elevane brukar nettbrett, men at klassene har aktivitetar som kan gi rom for aktive lærar–elev-interaksjonar når elevane brukar nettbrett. Resultat frå studien kan gi auka kunnskap og bevisstheit om unytta potensial for elevar si aktive deltaking i lærar–elev-interaksjonar ved bruk av nettbrett.