Evaluering av forsøksordninga med kommunedelsutval i Ålesund kommune
Report
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3049633Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Rapportar [138]
Sammendrag
Denne rapporten handlar om nærdemokrati. Gjennom ein analyse av ordninga med kommunedelsutval i Ålesund kommune ser me nærare på kva erfaringar som er gjort med ordninga kommunedelsutval i Ålesund kommune.
Rapporten bygger på to masteroppgåver skrivne av Fredric Holen Bjørdal (2022) og Elise Hjelle Sandvik (2022). Begge oppgåvene vart ferdige juni 2022. I tillegg bygger rapporten på arbeid frå masteroppgåva til Marthe Alnes Aarøe (planlagt levert 2023) og analysar av spørjeundersøkingar blant medlemmar i kommunedelsutvala.
Rapporten er strukturert på fylgjande måte: me startar i kapittel 2 med å definere kva eit kommunedelsutval er, og prøver å plassere denne organisasjonsforma i ein lokaldemokratisk og kommunalpolitisk samanheng. Deretter skriv me i kapittel 3 om tidlegare forsking på kommunedelsutval eller tilsvarande nærdemokratiske ordningar. I kapittel 4 skildrar me datagrunnlaget for rapporten. Kapittel 5 ser nærare på utforming av kommunedelsutvala og viser resultat frå ein analyse basert på kartlegging av sakene som er tekne opp i møta. Kapittel 6 er ei drøfting av dei rettslege rammene, politiske føringar og erfaringar av kommunedelsutval sett frå politisk leiing sin ståstad. Kapittelet 6 bygger på masteroppgåva til Fredric Holen Bjørdal. I kapittel 7 er det ungdomen sine perspektiv som vert løfta fram, gjennom ei oppsummering av dei viktigaste funna frå masteroppgåva til Elise Hjelle Sandvik. Kapittel 8 omhandlar analysar av spørjeundersøkingar som er gjennomførte blant medlemmane i kommunedelsutvala. Rapporten avsluttar med ei oppsummering og framlegg til vidare forsking på temaet.