Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFolkestad, Bjarte
dc.contributor.authorBjørdal, Fredric Holen
dc.contributor.authorSandvik, Elise Hjelle
dc.contributor.authorAarøe, Marthe Alnes
dc.date.accessioned2023-02-09T11:35:50Z
dc.date.available2023-02-09T11:35:50Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.isbn9788276613735
dc.identifier.issn1891-5981
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3049633
dc.description.abstractDenne rapporten handlar om nærdemokrati. Gjennom ein analyse av ordninga med kommunedelsutval i Ålesund kommune ser me nærare på kva erfaringar som er gjort med ordninga kommunedelsutval i Ålesund kommune. Rapporten bygger på to masteroppgåver skrivne av Fredric Holen Bjørdal (2022) og Elise Hjelle Sandvik (2022). Begge oppgåvene vart ferdige juni 2022. I tillegg bygger rapporten på arbeid frå masteroppgåva til Marthe Alnes Aarøe (planlagt levert 2023) og analysar av spørjeundersøkingar blant medlemmar i kommunedelsutvala. Rapporten er strukturert på fylgjande måte: me startar i kapittel 2 med å definere kva eit kommunedelsutval er, og prøver å plassere denne organisasjonsforma i ein lokaldemokratisk og kommunalpolitisk samanheng. Deretter skriv me i kapittel 3 om tidlegare forsking på kommunedelsutval eller tilsvarande nærdemokratiske ordningar. I kapittel 4 skildrar me datagrunnlaget for rapporten. Kapittel 5 ser nærare på utforming av kommunedelsutvala og viser resultat frå ein analyse basert på kartlegging av sakene som er tekne opp i møta. Kapittel 6 er ei drøfting av dei rettslege rammene, politiske føringar og erfaringar av kommunedelsutval sett frå politisk leiing sin ståstad. Kapittelet 6 bygger på masteroppgåva til Fredric Holen Bjørdal. I kapittel 7 er det ungdomen sine perspektiv som vert løfta fram, gjennom ei oppsummering av dei viktigaste funna frå masteroppgåva til Elise Hjelle Sandvik. Kapittel 8 omhandlar analysar av spørjeundersøkingar som er gjennomførte blant medlemmane i kommunedelsutvala. Rapporten avsluttar med ei oppsummering og framlegg til vidare forsking på temaet.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen i Voldaen_US
dc.relation.ispartofseriesRapport nr. 120
dc.titleEvaluering av forsøksordninga med kommunedelsutval i Ålesund kommuneen_US
dc.typeReporten_US
dc.source.pagenumber49en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel