Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEisma, Jitte
dc.date.accessioned2023-07-05T11:21:04Z
dc.date.available2023-07-05T11:21:04Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3076065
dc.description.abstractDenne masteroppgåva søkjer å utforske korleis sjangerpedagogikk kan bli nytta som ein metode i skriveopplæringa for nykomne elevar frå 2. til 7. trinn i innføringsklasser. Prosjektet er inspirert av pedagogisk designforsking. Gjennom denne metoden har eg, saman med ein medstudent, utarbeida og gjennomført eit undervisingsopplegg i to forskjellige innføringsklasser på barneskulen. Formålet med å utvikle eit prosjekt som var sterkt inspirert av pedagogisk designforsking var å utforske korleis ein kan utarbeide forskingsbasert undervising, gjennomføre denne undervisinga og justere element av den. På denne måten har eg utarbeida eit praksis- og profesjonsretta mastergradsprosjekt. Vi gjennomførte undervising, deltakande observasjonar, refleksjonssamtalar og innhenting av elevtekstar, og saman skal desse metodane bidra til å svare på problemstillinga: Korleis fungerer sjangerpedagogikk som metode i skriveopplæringa for nykomne elevar som går i innføringsklasser? Det første av dei tre hovudfunna frå analysen er at elevane viser eit gjennomgåande stort engasjement i undervisinga. Undervisingstimane er prega av ei høg grad av elevaktivitet, og alle elevane som deltok i prosjektet produserte individuelle eventyr. Det andre funnet er at bruken av sjangerpedagogikk i skriveopplæringa opnar for mange moglegheiter for differensiering. Sjølv om strukturen på undervisinga er stram, kan innhaldet og nivået på undervisinga tilpassast til kvar enkelt elev basert på deira forkunnskapar og interesser. Til sist viser analysen at det er forskjellar i bruk av morsmål i ulike klasser, og at det er viktig å finne ein balansegang mellom bruken av morsmål og norsk i undervisinga. Gjennom eit transspråkleg perspektiv på fleirspråklegheit i skriveopplæringa kan ein arbeide med å verdsetje og anerkjenne elevane sine morsmål som ressursar i opplæringa.en_US
dc.description.abstractAbstract This master´s thesis seeks to explore how genre-based pedagogy can be used as a method in writing-instruction for newly arrived pupils in grades 2 through 7 who attend introductory classes. The project is inspired by pedagogical design research. Whilst using this method, I have worked together with another masters´student to design and execute a lesson plan in two different introductory classes on the primary school level. The goal of designing a project inspired by pedagogical design-research was to explore how one can prepare research-based education, execute a lesson plan and how to adjust elements of it. By doing this, I have prepared a practice- and professionally oriented master's degree project. We executed the writing instruction, observations, and reflecting conversations. We also collected the texts that the pupils wrote. Together, all these methods will contribute to answering the research question: How does genre-based pedagogy work as a method in writing instruction for newly arrived pupils in introductory classes? The first result from the analysis is that the pupils show a high level of enthusiasm throughout the week. The lessons are characterized by a high level of pupil activity, and all the pupils wrote individual fairy tales. The second result shows that the use of genre-based pedagogy in writing instruction opens the door to many ways of differentiating the teaching. Even though the structure of the lesson plan is strict, the contents of the plan and the level of the teaching can be differentiated to each pupil based on their prior knowledge and interests. At last, the analysis shows that there are differences in the use of the pupils’ native tongues in different classrooms, and that it is important to find a balance between the use of their native tongues and the use of Norwegian in the teaching. Through a translinguistic perspective on multilingualism in the writing instruction, one can work on acknowledging the pupils’ native tongues as resources in teaching.en_US
dc.language.isonoben_US
dc.publisherHøgskulen i Voldaen_US
dc.subjectsjangerpedagogikken_US
dc.subjectskriveopplæringen_US
dc.subjectpedagogisk designforskningen_US
dc.subjectbarneskoleen_US
dc.subjectinnføringsklasseen_US
dc.subjectflerspråkligen_US
dc.titleSjangerpedagogikk som metode i skriveopplæringa for elevar i innføringsklasser. Ein forskingsdesign-studie av skriveopplæringa for fleirspråklege elevar i innføringsklasseren_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber132en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel