Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRogne, Inga
dc.date.accessioned2023-07-05T11:35:47Z
dc.date.available2023-07-05T11:35:47Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3076071
dc.description.abstractI denne studien ser eg nærmare på erfaringar norsklærarar på mellomtrinnet har kring det å arbeide med norskfaglege samtalar for å styrke munnlege ferdigheiter hos elevar som viser stille åtferd. Stille åtferd hos elevar utgjer sjeldan eit problem for omgjevnadane, men kan skape utfordringar og problem for dei som har dette åtferdsuttrykket. Krava skulen og samfunnet har til munnleg kommunikasjon gjer det vanskeleg for desse elevane å utvikle seg fagleg og sosialt. Norsklærarar har eit særskilt ansvar for å sikre at alle elevane oppnår munnlege ferdigheiter. Med dette som utgangspunkt vart denne problemstillinga undersøkt: Korleis kan ein gjennom den lærande samtalen i norskfaget styrke den munnlege kompetansen til elevar på mellomtrinnet som viser stille åtferd? For å svare på denne problemstillinga, er det nytta ei kvalitativ tilnærming, med intervju som metode. Det vart gjennomført fire semistrukturerte intervju med fire norsklærarar som alle hadde erfaring innanfor emnet og der alle arbeider på mellomtrinnet ved ulike skular. Etter at datamaterialet var henta inn, vart det tolka, koda og analysert med bruk av ein abduktiv analyseprosess. Studien indikerer at det å nytte den lærande samtalen som verktøy for å inkludere stille elevar er sett på som positivt, då samtalen som læringsform kan sikre at elevane oppnår kompetanse i norskfaget og i det å samhandle med andre menneske. Funn frå denne studien viser at klassedynamikk og lærarane sitt syn på læringsutbytte, speler inn på kva samtaleform lærarane nyttar. For å inkludere dei stille elevane i norskfaglege samtalar, blir element som modellering, rutinar, variasjon og forventingar nemnt, og viser til at lærarane står overfor eit komplekst og utfordrande arbeid. Det å ha forventingar til fagleg nivå på den munnlege kompetansen til elevane blir framheva som viktig, sjølv om det i intervjua kjem fram at nokre av lærarane ikkje har desse forventingane. Lærarane er usikre kring kor mykje ein kan forvente av dei stille elevane fordi dei ikkje veit kva som er årsaka til at den stille eleven uttrykker åtferda si. Dette viser at det trengst meir kunnskap om desse elevane, slik at læraren kan få gode verktøy å nytte i arbeid med å inkludere dei i munnlege aktivitetar. Den lærande samtalen kan, dersom den blir arbeidd med på ein god måte, legge grunnlag for at stille elevar oppnår kompetanse i å kommunisere kunnskap og samhandle med andre, og at dei forstår eigne og andre sine tankar og idear om verda dei lever i.en_US
dc.description.abstractAbstract In this study, I examine the experiences middle school (ages 10-13) teachers of Norwegian have, when they work with conversation to improve shy children`s oral skills. Shy children`s behaviour rarely poses a problem for the environment, but the behaviour can create challenges and problems for those who express it. The school`s and society`s demands on oral communication makes it difficult for these pupils to develop both academically and socially. Teachers of Norwegian have a responsibility to ensure that all students achieve oral skills. With this as a starting point, this issue was examined: How can conversations that are used for learning in the Norwegian subject improve the oral skills of shy pupils in middle school? In order to answer this question, a qualitative approach has been used, with interviews as the method. Four semi-structured interviews were conducted with four teachers of Norwegian, all of whom had experiences with shy pupils and all of whom work in middle school at different schools. After the data was collected, it was interpreted, coded and analysed using an abductive analysis process. The study indicates that using conversation as a tool to include shy pupils is seen as positive, as conversation as a form of learning can ensure that pupils achieve competence within the Norwegian subject in addition to competence within communication. Findings from this study shows that class dynamics and teachers' views on learning outcomes, influence the type of conversational form the teachers use. In order to include shy pupils in conversations within the Norwegian subject, elements such as modelling, routines, variation and expectations were mentioned, indicating that the teachers' work is complex and challenging. Having academic level expectations for the pupils oral skills is emphasised as important, even though the interviews reveal that some of the teachers do not have these expectations. The teachers are uncertain about how much they can expect from the shy pupils due to the fact that they do not know what causes the shy children to express their behaviour. This shows that more knowledge is needed about these pupils, so that the teacher can succeed in the work of including them in oral activities. Conversations that are used for learning, can, if they are used right, provide a basis for shy pupils to achieve competence in communicating knowledge and interacting with others, and for them to understand their own and others´ thoughts and ideas about the world.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen i Voldaen_US
dc.subjectmellomtrinneten_US
dc.subjectnorsklæraren_US
dc.subjectmunnlegen_US
dc.subjectferdigheiten_US
dc.subjectkompetanseen_US
dc.subjectstille elevaren_US
dc.title«Det er dette med å fange opp dei som er litt stille, og sørge for at dei blir engasjerte». Ein kvalitativ studie av lærarar sine erfaringar knytt til stille åtferd og munnlege ferdigheiter i norskfaglege samtalaren_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber85en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel