Refleksjonssamtalar i eit lærande profesjonsfellesskap. Ein casestudie av lærarsamtalar om leseopplæring
Master thesis
View/ Open
Date
2023Metadata
Show full item recordCollections
- Samfunnsplanlegging [69]
Abstract
I overordna del av læreplanverket for grunnopplæringa (LK20) er det lærande profesjonsfellesskapet løfta fram som eit prinsipp for skulen sin praksis. Dette fellesskapet skal vere ein stad der lærarar, leiarar og andre tilsette reflekterer over felles verdiar, og vurderer og vidareutvikar sin praksis. Forskninga på feltet viser sterke samanhengar mellom dei lærande profesjonsfellsskapa og elevane sitt læringsutbytte. Denne studien har gjennom ein casestudie med sosiokulturell diskursanalyse som metodologi følgt eit lærarteam sine refleksjonssamtalar i eit utviklingsarbeid gjennom Dekomp over to skuleår. Undersøkinga syner kva kva former for samspel som pregar samtalane, og kva ei utvikling mot ein meir refleksiv praksis kan ha å seie for profesjonsfellesskapet som desse lærarane er ein del av. Funna er drøfta med utgangspunkt i fire forskingsspørsmål ut i frå eit sosiokulturelt perspektiv på refleksjon, dialog og læring, og Hargreaves og Fullan (2014) sine teoriar om profesjonell kapital som ein sentral byggestein i profesjonelle læringsfellesskap. Studien finn at lærarane, når både kulturelle, strukturelle og innhaldsmessige føresetnader er til stades, samtalar på ein undersøkjande og lærande måte om samanhengen mellom si eiga undervisning og elevane si læring. Studien peikar også på sentrale element som er grunnleggande i ein kultur prega av ein refleksiv og lærande praksis, og kva dette inneber for dei som skal leie dei lærande profesjonsfellesskapa som dei samstundes er ein del av. Abstract
In the core curriculum for primary and secondary education in Norway, the concept of professional learning communities is pointed out as a main principle for the school’s practice. Schools should be a professional environment where teachers, leaders and other members of staff reflect on common values and assess and develop their practice. Research in this field shows strong connections between these communities and pupils’ learning outcomes. This case study has, through a sociocultural discourse analytic approach, followed a team of teachers’ conversations for a period of two years. The study shows what kinds of interaction is found in these conversations, and how the teachers’ development towards an inquiry habit of mind could influence the professional learning community to which they belong. Answering four research questions, the findings are discussed from a sociocultural view on reflection, dialogue and learning in light of Hargreaves’ and Fullan’s (2014) model of professional capital as a building block of professional learning communities. The study shows that the teachers, responding to cultural, structural and content factors, develop dialogues which examine the connections between their own teaching and the pupil’s learning closely. The study also highlights crucial factors in establishing a cooperative culture based on a reflective and exploratory practice between teachers, and how this affects school leaders.