Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRønningen, Solveig
dc.date.accessioned2023-07-06T12:29:25Z
dc.date.available2023-07-06T12:29:25Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3076614
dc.description.abstractFormålet med denne studien er å få ei nærare forståing av kva matematikklærarar i vidargåande skule legg i at ein vurderingspraksis er inkluderande, kva erfaringar dei har med ulike behov for tilrettelegging for elevar i matematikk og korleis dei arbeider med undervegsvurdering i matematikk. Følgjande problemstilling er formulert: Kva er matematikklærarar i vidaregåande skule sine erfaringar og refleksjonar rundt eigen vurderingspraksis for å inkludere elevar med ulike behov for tilrettelegging i faget? For å svare på problemstillinga er ein kvalitativ metode nytta. Data er samla inn gjennom fire delvis strukturerte intervju med matematikklærarar i vidaregåande skule. Desse fire intervjua er grunnlaget for den tematiske analysen. Det er nytta ei hermeneutisk tilnærming for å forstå og tolke dei innsamla data. Funna i studien viser at ein inkluderande vurderingspraksis vert forstått som at alle elevar, uavhengig av evner og føresetnader, skal ha moglegheit til å delta og medverke i læringsaktivitet og i arbeid med vurdering. Dei skal få vise fram styrkane sine og oppleve meistring på sitt nivå. Det er avgjerande for eit trygt og godt læringsmiljø at læraren byggjer gode relasjonar til alle elevane i ei matematikkgruppe. Studien konkluderer med at for desse informantane handlar ein inkluderande vurderingspraksis i matematikk om korleis læraren arbeider med å skape forståing for innhaldet i faget, å legge til rette for eigenvurdering, ulike måtar å vise kompetanse på og å gi tilpassa tilbakemeldingar. Basert på informantane i studien kan det sjå ut som at matematikklærarar står i ein stor skvis mellom undervegsvurdering og sluttvurdering, og at tida ein har til å gjere ein god nok jobb med undervegsvurdering og tilpassa tilbakemeldingar er knapp.en_US
dc.description.abstractAbstract The purpose of this study is to provide a closer understanding of how mathematic teachers understand how assessment can be inclusive, what kind of experiences they have regarding students with diverse needs for adjustment in mathematics and how they work with formative assessment in mathematics. The research question for the thesis is: What kind of experiences and reflections do mathematic teachers have regarding their own assessment practice to include students with diverse needs of adjustments? A qualitative method is used to answer the research question. The data are generated through four semi-structured interviews with mathematic teachers in Norwegian high school. These four interviews form the basis for the thematic analysis. The data are understood and interpreted through a hermeneutic approach. The findings show that an inclusive assessment practice must be understood as a practice where all students, regardless of abilities, should have the possibility to participate and contribute to learning activities and engage in assessment practice. They should have the possibility to show their strengths in mathematics and to experience mastering mathematics in their own level. Building a good teacher-student-relationship is essential for a safe and positive learning environment. The study concludes that for these informants, inclusive assessment practices in mathematics revolves around how they act to make an understanding for the content of the subject, facilitate for self-assessment, show different ways of competence, and provide adaptive feedback. Based on how the informants talk about this it seems like mathematic teachers experience being in a squeeze between formative assessment and summative assessment. Additionally, the available time for doing a proper job regarding formative assessment and giving adaptive feedback is experienced as limited.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen i Volda
dc.subjectinkluderande vurderingen_US
dc.subjectvurderingen_US
dc.subjectlæringen_US
dc.subjectformativ vurderingen_US
dc.subjectinkluderande undervisningen_US
dc.subjecttilbakemeldingen_US
dc.titleInkluderande vurderingspraksis i matematikk. Ein kvalitativ studie om matematikklærarar sin vurderingspraksis i vidaregåande skuleen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber93en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel