Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBratli, Aurora Dimmen
dc.date.accessioned2023-07-07T08:16:21Z
dc.date.available2023-07-07T08:16:21Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3077037
dc.description.abstractDette masterarbeidet handlar om spelbasert opplæring som eit verktøy i arbeidet med medborgarskap og demokratiopplæring i samfunnsfag. Korleis kan ein sikre at elevane får den demokratiopplæringa som gir ferdigheitene og dugleikane dei treng for å møte samfunnet som demokratiske medborgarar? Kva seier forskinga om spelbasert opplæring, og kan ein dra nytte av dette i arbeidet med demokratiopplæringa i samfunnsfag? Bakgrunnen for at eg ønskjer å undersøkje dette nærmare er at tidlegare forsking viser at norske elevar har høg kunnskap om demokrati, men har liten tru på at dei vil delta i demokratiet i framtida, ifølgje ICCS 2016. Det er derfor behov for ein demokratiopplæring som betre rustar unge til å bli demokratiske medborgarar. Fleire peikar på at deltakande demokratiopplæring kan vere løysinga, men det er få som konkretiserer korleis dette kan gjerast i klasserommet. På den andre sida har eg vore interessert i den auka bruken av digitale verktøy i skulen. Ifølgje Barn og medier-undersøkinga frå 2022 brukar 76 prosent av barn og unge i alderen 9-18 år ulike einingar. Desse er dei same elevane eg vil møte i klasserommet. Forsking på dataspel som pedagogisk verktøy viser også at det er kunnskapshol knytt til den praktiske og didaktiske bruken av dataspel i klasserommet. Studien er gjennomført som eit scoping review og har undersøkt nyare internasjonal forsking om spelbasert opplæring i samfunnsfag. Tolv internasjonale artiklar frå perioden 2013-2023, henta frå databasane ERIC og Science Direct, vart analyserte. Funna i denne studien viser at dataspel kan bidra til å gi elevane trening i ulike ferdigheiter som er viktige for å bli demokratiske medborgarar i framtida. Likevel ser ein dei same tendensane som tidlegare forsking har peikt på. Læraren spelar ein viktig og avgjerande rolle i arbeidet med spelbasert opplæring, og det er difor viktig at rammene rundt undervisninga er på plass. Studien viser òg at dataspel kan vere eit effektivt verktøy for å gi elevane praktiske og realistiske opplevingar som kan bidra til kompetanse som dei kan dra nytte av som deltakarar i samfunnet.en_US
dc.description.abstractAbstract This master's thesis revolves around game-based learning as a tool for fostering citizenship and democracy education in social studies. How can we ensure that democracy education provides students with the skills and competencies they need to engage as democratic citizens in society? What does research say about game-based learning, and can it be utilized in the context of democracy education in social studies? The motivation behind further investigating this topic stems from existing research indicating that Norwegian students rank highly in terms of knowledge about democracy, but have little confidence in their future participation in democracy, according to ICCS 2016. Consequently, there is a need for democracy education that better equips young individuals to become democratic citizens. While many advocates for participatory democracy education, few provide concrete strategies for implementing it in the classroom. On the other hand, I have taken an interest in the increased use of digital tools in schools. According to the Norwegian "Barn og medier" survey from 2022, 76 percent of children and adolescents between the ages of 9 and 18 use various devices, which are the same students I will encounter in the classroom. Research on using video games as an educational tool also reveals gaps in knowledge concerning the practical and didactic utilization of video games in the classroom. This study adopts a scoping review approach, analyzing recent international research on game-based learning in social studies. Twelve international articles from 2013 to 2023 were examined, sourced from ERIC and Science Direct databases. The findings of this study indicate that video games contribute to providing students with training in a range of skills that are relevant for becoming future democratic citizens. Nevertheless, similar patterns identified in prior research persist. The teacher plays a crucial and decisive role in game-based learning, underscoring the importance of establishing favorable instructional frameworks. Additionally, the study highlights that video games can serve as effective tools for providing students with practical and realistic experiences that enhance their competence as future participants in society.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen i Voldaen_US
dc.subjectspillen_US
dc.subjectdemokratiopplæringen_US
dc.subjectsamfunnsfagen_US
dc.subjectdigitale verktøyen_US
dc.subjectdataspelen_US
dc.titleGaming: løysinga på deltakande demokratiopplæring? Scoping review om spelbasert opplæring i samfunnsfagen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber91en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel