Ungdomsskuleelevars oppleving av meining og meiningsfullheit i skulen – og samanhengen med matematisk forståing
Abstract
Denne studien studerer elevar si forståing av meininga med skulen, deira oppleving av meiningsfullheit i skulen, og deira forståing i matematikk. Samanhengen mellom desse fenomena er også noko studien vil belyse. Eit kvantitativt forskingsdesign er nytta. Ei tverrsnittundersøking med eit ikkje-sannsynsutval på 105 ungdomsskuleelevar i tre forskjellige kommunar på Vestlandet svara på ei nettbasert surveyundersøking.
Forståing av meining og oppleving av meiningsfullheit blei undersøkt ved hjelp 27 items som representerte tre skalaar. Items var utforma etter likert-skala. Den første skalaen målte meiningsdimensjon ut frå "mindset om intelligens", den andre skalaen målte meiningsdimensjon ut frå elevens oppleving av føremål med skulearbeid, og den tredje skalaen målte oppleving av meiningsfullheit gjennom eleven sine affektive haldningar til skulen. Relasjonell forståing i matematikk blei kartlagt med ein skala med 20 enkeltval-oppgåver som adresserte talforståing og rekneferdigheiter.
Korrelasjonsanalysar synte at det var signifikant samanheng mellom begge indikatorane for meining (mindset om intelligens, oppleving av føremålet med skulearbeid) og både opplevd meiningsfullheit og forståing i matematikk. Samstundes var det ingen signifikant samanheng mellom elevars oppleving av meiningsfullheit og forståing i matematikk. Einvegs-variansanalyse (Anova) synte at elevane som skåra lågt, middels og høgt matematikkskalaen skilte seg signifikant frå kvarandre i høve forståing av meininga med skulen. Likeleis var det signifikant skilnad mellom dei som skåra lågt, middels og høgt på meiningsfullheitsskalaen i høve forståing av meininga med skulen. Sekvensiell multippel regresjonsanalyse viste at dei to skalaane innan meiningsdimensjonen var lite komplementære i høve å predikere både meiningsfullheit og matematisk forståing. Det blir tolka som at desse to skalaene omfattar liknande deler av meiningsopplevinga til elevar.
Funna i denne studien peiker på at elevars oppleving av meininga med skulen heng i hop med både deira oppleving av meiningsfullheit i skulen og deira skulefaglege prestasjonar. Elevars oppleving av meining i skulen er eit tilsynelatande lite utforska fagområde, men denne studien syner at det er eit spørsmål med både etiske og faglege implikasjonar. Abstract
This study examines students' understanding of the meaning of school, their experience of meaningfulness in school, and their understanding in mathematics. The relationship between these phenomena is also something the study aims to elucidate. A quantitative research design was used. A cross-sectional survey with a non-probability sample of 105 secondary school students in three different municipalities in Western Norway responded to an online survey.
Understanding of meaning and experience of meaningfulness were investigated using 27 items representing three scales. The items were designed using a Likert scale. The first scale measured the dimension of meaning based on "mindset about intelligence", the second scale measured the dimension of meaning based on students' perception of the purpose of schoolwork, and the third scale measured the experience of meaningfulness through students' affective attitudes towards school. Relational understanding in mathematics was assessed using a scale consisting of 20 multiple-choice tasks addressing number sense and arithmetic skills.
Correlation analyses showed a significant relationship between both indicators of meaning (mindset about intelligence, experience of the purpose of schoolwork) and both experienced meaningfulness and understanding in mathematics. However, there was no significant relationship between students' experience of meaningfulness and understanding in mathematics. One-way analysis of variance (ANOVA) demonstrated that students who scored low, medium, and high on the mathematics scale differed significantly in terms of their understanding of the meaning of school. Similarly, there was a significant difference between those who scored low, medium, and high on the meaningfulness scale in relation to their understanding of the meaning of school. Sequential multiple regression analysis showed that the two scales within the dimension of meaning were minimally complementary in predicting both meaningfulness and mathematical understanding. This suggests that these two scales encompass similar aspects of students' experience of meaning.
The findings of this study indicate that students' experience of the meaning of school is associated with both their experience of meaningfulness in school and their academic achievement in school. Students' experience of meaning in school is an apparently underexplored area, but this study demonstrates that it is a question with ethical and educational implications.