Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFørde, Mariel
dc.date.accessioned2023-08-17T09:56:00Z
dc.date.available2023-08-17T09:56:00Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3084537
dc.description.abstractFøremålet med denne masteroppgåva er å utvikle innsikt og kunnskap om korleis ein som lærar i særskild norskopplæring kan leggje til rette for å ta i bruk elevane si fleirspråklegheit som ressurs i undervisninga. Ein tendens i forsking frå norske klasserom viser at det er eit gjennomgåande mangelfullt fokus på det å ta i bruk elevane sine fleirspråklege ressursar i undervisnings- og opplæringssamanheng (Svendsen et al., 2020, s. 262). Når faktumet er at det norske utdanningssystemet tar i mot stadig fleire elevar som har andre morsmål enn norsk, og som skal tileigne seg det norske språket som ein reiskap for vidare læring og utvikling, er det eit aukande behov for at lærarar utviklar kunnskap om fleirspråklegheit og andrespråkslæring. Denne studien har eit kvalitativt forskingsdesign. Det er nytta ein kombinasjon av observasjon og semistrukturerte intervju av to lærarar som arbeider i høvesvis ei språkheterogen og ei språkhomogen innføringsklasse. Datamaterialet består av observasjonsnotat frå totalt to veker med observasjon, og transkriberte intervju av lærarane i dei respektive klassene. I begge klassene er det tilsett fleirspråklege assistentar, slik at samarbeidet om fleirspråkleg tilpassing i klasserommet òg utgjer ein del av datamaterialet. Overordna viser studien at det på ein og same skule eksisterer ein svært ulik praksis, særleg når det gjeld kartlegging, bruk av fleirspråklege undervisningsstrategiar og involvering av fleirspråklege assistentar i undervisninga. Mine funn peikar i retning av at elevane sine moglegheiter til å få bruke si fleirspråklegheit som ressurs i den særskilde norskopplæringa, i stor grad er avhengig av den enkelte lærar. Resultata viser at bruken av elevane si fleirspråklegheit som ressurs hovudsakleg skjer spontant i undervisninga. Ei meir medviten planlegging av bruken av fleire språk i undervisninga utkrystalliserer seg som eit behov for å kunne arbeide meir systematisk med å utvikle elevane sine norskferdigheiter, og samstundes sikre at alle elevar får likeverdige moglegheiter til utvikling og læring. Kunnskap om elevane sin språklege bakgrunn og at ein som lærar har eit ressursorientert syn på fleirspråklegheit, viser seg å vere viktige faktorar i dette arbeidet.en_US
dc.description.abstractAbstract The purpose of this master's thesis is to develop insight and knowledge about how a teacher in Norwegian as a second language facilitate the use of the students' multilingualism as a resource in teaching. A tendency in research from Norwegian classrooms shows that there is a consistently insufficient focus on using students' multilingual resources in teaching and educational contexts (Svendsen et al., 2020, p. 262). In fact, the Norwegian education system has received an increased number of pupils with a different mother tongue than Norwegian and will acquire the Norwegian language as an instrument for further learning and development. Therefore, there is an increasing need for teachers to develop knowledge about multilingualism and second language learning. This study has a qualitative research design. There have been used a combination of observation and semi-structured interviews of two teachers who work in a linguistically heterogeneous and a linguistically homogenous introductory class. The data material consists of observation notes from a total of two weeks of observation, and transcribed interviews of the teachers in the respective classes. There are two multilingual assistants who are employed in both classes, so that the collaboration on multilingual adaptation in the classroom also constitutes the data material. Overall, the study shows that very different practices exist in one school, especially when it comes to mapping, the use of multilingual teaching strategies and the involvement of multilingual assistants in teaching. My findings point in the direction that the pupils' opportunities to use their multilingualism as a resource in teaching Norwegian as a second language largely depend on the individual teacher. The results show that the use of the pupils' multilingualism as a resource mainly occurs spontaneously in teaching. A more conscious planning of the use of several languages in teaching crystallizes as a requirement for working more systematically with developing the pupils' Norwegian skills, and at the same time ensure that all pupils get equal opportunities for development and learning. Knowledge about the pupils' linguistic background and a teacher who has a resource-oriented view of multilingualism has proven to be important factors in this work.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen i Voldaen_US
dc.subjectnorsken_US
dc.subjectnorskopplæringen_US
dc.subjectfleirspråklegen_US
dc.subjectfleirspråklegheiten_US
dc.subjectflerspråkligen_US
dc.subjectandrespråken_US
dc.titleFleirspråklegheit som ressurs i den særskilde norskopplæringa. Ein kvalitativ studie av ei språkheterogen og ei språkhomogen innføringsklasse på barnetrinneten_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber95en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel