Strategisk samarbeid Volda og Ørsta kommunar. Berekraft i helse- og omsorgstenestene
Abstract
Volda og Ørsta kommunar er i ein prosess der dei skal vurdere å etablere meir strategisk samarbeid. I samband med det er det i perioden 2021 – 2023 gjennomført fire samlingar for folkevalde, kommunalsjefar og tillitsvalde. Høgskulen i Volda har hatt ansvaret for det fagleg og pedagogiske opplegget på samlingane. Etter kvar samling er det publisert eit notat som summerer hovudpunkt frå samlingane. Dette er notat frå den fjerde og siste samlinga, som var i Ørsta 23. august 2023.