Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke. Frå forvaltning til utvikling?
Abstract
Einskapsfylket i Møre og Romsdal er eit administrativt forsøk som har som hovudmål å integrere statlege og regionale oppgåver i eitt felles regionalt organ. I dette paperet presenterer vi funn frå ei evaluering som vart gjennomført i 2006 der det vart fokusert på læring for forbetring knytt til Plansatsinga i regi av einskapsfylket i Møre og Romsdal. Plansatsinga har bakgrunn i einskapsfylket si innføring av ny behandlingsform for plansaker. Kommunar og enkeltpersonar får no eitt samla svar på søknadane der kommentarar frå fleire avdelingar vert samordna, mot tidlegare eitt svar frå kvar avdeling. I regi av einskapsfylket har ein vidare sett i gang eit tiltak kalla Plannettverket. Dette er i hovudsak eit fagleg opplærings- og erfaringsutvekslingstilbod for planleggarar i kommunane, og tek opp mellom anna nye krav til arealplanlegging og konsekvensanalyse.
Etter vår vurdering er den utviklingsretta delen av Plansatsinga prega av ”governance” gjennom at einskapsfylket sine representantar har tilsynelatande vide fullmakter til å arbeide proaktivt og til konsensusbygging. Leiarane støttar opp om initiativ, arbeidsmåtar, partnerskap m.v. – noko som gir dei utøvande medarbeidarane stor legitimitet til å finne praktiske løysingar og bygge tillit til ulike samarbeidspartar. Samhandlinga med kommunane i Møre og Romsdal, spesielt knytt til Plannettverket, har vidare klar karakter av partnerskapssamarbeid. Samla sett, avgrensa til denne utvalde satsinga, er vår vurdering at einskapsfylket også har rimeleg god kontroll over dei ulike rollene knytt til forvaltning og utvikling.