«Det å oppleve meistringskjensle, det gjev ein ny giv». Ein kvalitativ casestudie av lærarar sine erfaringar med læring som fremjar meistring ved alternativ opplæringsarena på ungdomstrinnet
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3139592Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet med denne masteroppgåva er å utvikle innsikt og kunnskap om lærarar sine erfaringar med alternative opplæringsarenaer for å leggje til rette for læring som fremjar meistringsopplevingar for elevar på 8.-10. trinn. Tidlegare forsking har vist at arbeidsmåtane ved alternative opplæringsarenaer har eit potensiale for å fremje elevar si meistring (Arnesen et al., 2022, s. 111; Grimsæth, 2016, s. 36; Jahnsen et al., 2009, s. 8). Når det er eit faktum at fleire elevar strevar med å kome seg på skule, har låg motivasjon og opplever manglande meistring i skulekvardagen sin (Bakken, 2022, s. 11, 19; Utdanningsdirektoratet, 2023a, s. 12, 15), er det eit aukande behov for kunnskapar om korleis ein kan leggje til rette for ei opplæring som fremjar meistringsopplevingar.
Denne masteroppgåva har eit kvalitativt forskingsdesign med ei tilnærming til ein casestudie der det er nytta semistrukturerte intervju med tre lærarar som arbeider ved ein ungdomsskule sine alternative opplæringsarenaer. Studien skal setje lys på følgjande problemstilling: Kva er lærarar sine erfaringar med alternative opplæringsarenaer for å leggje til rette for læring som fremjar meistringsopplevingar for elevar på 8.-10. trinn?
Resultata frå studien indikerer at eit tett samspel og relasjon mellom lærar og elev, høg grad av lærarstøtte og ein utradisjonell struktur ved alternativ opplæringsarena gjev lærarane unike mogelegheiter for å tilpasse opplæringa og nytte alternative læringsaktivitetar slik at den einskilde elev får oppleve meistring. Lærarane ved alternativ opplæringsarena erfarer at læringsaktivitetane gaming og praktisk anvending gjev elevane meistringsopplevingar, og opplever at dette aukar elevane sin motivasjon, engasjement og oppmøte, samstundes som elevane får styrkja sine eigne meistringsforventningar. Lærarane er òg opptekne av å setje realistiske læringsmål og uttrykke forventningar til elevane si meistring. I tillegg vektlegg lærarane å nytte spontane læringsaugeblinkar, verbal overtaling og ros i arbeidet med å leggje til rette for både fagleg og sosial læring som fremjar meistringsopplevingar. Abstract
The purpose of this master's thesis is to develop insight and knowledge about teachers' experiences with alternative learning environments to facilitate learning that promotes a sense of mastery for students in grades 8-10. Previous research has shown that the methods used in alternative learning environments have the potential to enhance students' sense of mastery (Arnesen et al., 2022, p. 111; Grimsæth, 2016, p. 36; Jahnsen et al., 2009, p. 8). Given the fact that many students struggle with attending school, have low motivation, and experience a lack of mastery in their daily school life (Bakken, 2022, p. 11, 19; Utdanningsdirektoratet, 2023a, p. 12, 15), there is an increasing need for knowledge on how to facilitate education that promotes a sense of mastery.
This master's thesis employs a qualitative research design with a case study approach, using semi-structured interviews with three teachers who work in a secondary school's alternative learning environments. The study aims to shed light on the following research question: What are teachers' experiences with alternative learning environments to facilitate learning that promotes a sense of mastery for students in grades 8-10?
The results of the study indicate that close interaction and relationship between teacher and student, a high degree of teacher support, and an unconventional structure in alternative learning environments provide teachers with unique opportunities to tailor education and use alternative learning activities, allowing each student to experience a sense of mastery. Teachers in alternative learning environments find that learning activities such as gaming and practical applications give students a sense of mastery, and they observe that this increases students' motivation, engagement, and attendance, while also strengthening the students' own expectations of mastery. Teachers are also focused on setting realistic learning goals and expressing expectations for students' mastery. Additionally, teachers emphasize using spontaneous learning moments, verbal persuasion, and praise in their efforts to facilitate both academic and social learning that promotes a sense of mastery.