Inkludering i individuelle opplæringsplanar. Ei kvalitativ dokumentanalyse om korleis idealet om inkludering kjem til uttrykk i individuelle opplæringsplanar
Abstract
Temaet for denne masteroppgåva er inkludering og korleis dette idealet kjem til uttrykk i individuelle opplæringsplanar. Formålet har vore å sjå på korleis dei individuelle opplæringsplanane legg opp til å sikre inkluderande opplæring for elevar med rett til spesialundervisning.
Oppgåva tek utgangspunkt i problemstillinga: «Korleis kjem idealet om inkludering til uttrykk i individuelle opplæringsplanar?» og forsøker å svare på dette gjennom ei kvalitativ dokumentanalyse av fire individuelle opplæringsplanar. Metoden eg har brukt er ei kvalitativ dokumentanalyse der eg har leitt etter formuleringar og utsegn knytt til formkrav, arbeid, organisering og inkludering. Eg har vidare kvantifisert dette innhaldet for å gjer det målbart og seie noko om grad av inkludering. Bakgrunnen for dette valet var at eg då kunne gjere dei ulike temaa målbare og på denne måten seie noko om betydinga dei har inn mot å svare på problemstillinga.
Dei overordna funna viser at det er høgt søkelys på støtte og tilrettelegging i det ordinære for elevane, noko som blir støtta gjennom det høge søkelyset på deltaking. Sjølv om det er høgt søkelys på desse tre faktorane, så finn analysen at det går meir på den sosiale dimensjonen av inkluderande opplæring, enn den fagleg-akademiske dimensjonen. Ein ser altså at idealet om inkludering kjem til uttrykk gjennom støtte og tilrettelegging for sosial deltaking. Abstract
The theme of this master's thesis is inclusion and how this ideal is expressed in individual education plans. The purpose has been to look at how the individual education plans plan to ensure inclusive education for pupils with the right to special education.
The assignment is based on the problem: "How is the idea of inclusive education expressed in individual education plans?" and attempts to answer this through a qualitative document analysis of four individualized education plans. The method I have used is a qualitative document analysis where I have looked for formulations and statements linked to form requirements, work, organization, and inclusion. I have further quantified this content to make it measurable to be able to say something about the degree of inclusion. The background for this choice was that I could make the various themes measurable and, in this way, say something about the importance they have towards answering the problem.
The overall findings show that there is a high focus on support and adaption in the ordinary for the pupils, something that is supported through the high focus on participation. Despite the high focus on these three factors, the analysis finds that it is more about the social dimension of inclusive education than the professional-academic dimension. The findings show that the ideal of inclusion is expressed through support and adaption for social participation.