«Vi blandar jo nynorsk og bokmål, vi.» «Det har eg faktisk aldri tenkt på!». Ein pedagogisk designstudie av utforskande språkopplæring i ei 6. klasse med nynorsk som hovudmål
Abstract
Denne studien undersøker kva moglegheiter og utfordringar eit utforskande og kontrastivt undervisningsopplegg kan gi i språkopplæringa for elevar i ei 6. klasse med nynorsk som hovudmål. Føremålet er å få innsikt i korleis eit fagleg fundert undervisningsopplegg kan fungere i språkopplæringa, samt gi eit bidrag til forskingsfeltet kring ei språkdidaktisk tilnærming for nynorskelevar.
Studien er kvalitativ, og inspirert av pedagogisk designforsking. Pedagogisk designforsking inneber i denne studien at eg har utarbeidd, prøvd ut og analysert eit undervisningsopplegg fundert i tidlegare teori og forsking. Såleis er masterprosjektet praksis- og profesjonsretta, med eit framtidsretta blikk. Datainnsamlingsmetodar- og materiale er observasjon og lydopptak frå klasserommet, elevprodukt og samtale med lærar i etterkant av undervisninga.
Funna i studien viser tydeleg at ei utforskande og kontrastiv tilnærming til språk bidrar til å sette i gang samtalar om språk. Særleg ein leikprega og eksperimenterande måte å samtale på skil seg ut, og viser moglegheitene for ei givande språkopplæring. Leikande utforsking set i gang samtalar om grammatiske fenomen, og underbygger ei funksjonell tilnærming til språket. Vidare viser funna at samtalane i stor grad ber preg av samanlikning, men at eit manglande grammatisk metaspråk er ei utfordring. Utfordringa får likevel eit motsvar av funna som viser moglegheitene når dialekt blir inkludert i samanlikninga, ved at elevane set meir ord på relevante språklege forskjellar. På bakgrunn av dette blir argumentet for å inkludere dialekt i språkopplæringa for elevar med nynorsk som hovudmål løfta fram. Funna viser korleis oppdagingar elevane gjer vekker engasjement, og vidare korleis medelevar støttar elevar med lågare engasjement vidare i aktivitetane. Desse funna underbygger såleis moglegheitene som kjem til syne gjennom ei utforskande og kontrastiv tilnærming til språket i samarbeidslæring. Abstract
This master's thesis examines the opportunities and challenges a lesson plan based on exploratory and contrastive perspectives can provide in language learning for students in a 6th grade with Nynorsk (New Norwegian) as their main written language. The purpose is to gain insight into how a professionally based lesson can function in language teaching, as well as give a contribution to the research field on a didactic approach for Nynorsk-learners.
The study is qualitative and inspired by educational design research. Educational design research in this study means that I have prepared, tried out and analyzed a lesson based on previous theory and research. In this way, the project is practice- and profession-oriented, with a future-oriented view. Data collection methods and material are observation and audio recordings in the classroom, student products and conversation with the teacher after the lessons.
The findings in the study clearly show that an exploratory and contrastive approach to language helps to initiate conversations about language. In particular, a playful and experimental way of conversing stands out, and shows the possibilities for a fruitful language learning. Playful exploration initiates conversations about grammatical phenomena and underpins a functional approach to language. Furthermore, the findings show that the conversations are largely characterized by comparison, but thata lack of grammatical metalanguage is a challenge. The challenge is nevertheless answered by the findings which show the possibilities when dialect is included in the comparison. Students then use the language more to describe relevant linguistic differences. Based on this, the argument for including dialect in language education for students with Nynorsk as the main written language is put forward. The findings show how discoveries students make arouse engagement, and also how fellow students support other students with lower engagement further into the activities. These findings thus underpin the possibilities that emerge from an exploratory and contrastive approach to language in cooperative learning.